Hopp til innhald
Oppgåve

Bruk av bekken i seng

Bruk av bekken i seng kan vere einaste løysing for pasientar med store smerter eller nedsett mobilitet.

Ved bruk av bekken i seng er det veldig viktig at du tryggjer pasienten gjennom rutinar og kommunikasjon slik at du varetek integriteten og intimsona til pasienten ved å opptre profesjonelt. Du som helsefagarbeidar bør vere medviten på sårbarheita ved nakenskap og behovet til kroppen for å kvitte seg med avfallsstoff. Dessutan må du ha evna til å skape ei trygg ramme og følgje hygieniske retningslinjer.

Individuelt eller i par

  1. Gjer greie for tiltak som minskar faren for infeksjonar og sårdanningar for sengeliggjande pasientar i samband med bruk av bekken.

  2. Kva funksjonsnedsetjingar kan gjere det føremålstenleg å nytte spissbekken av plast i staden for bekken av stål?

  3. Behovet for å kvitte seg med avføring kan oppstå plutseleg, òg idet pasientar med funksjonsnedsetjingar sit oppe. Viss du vurderer at det er for kort tid til forflytting over til seng eller toalett, kan det vere aktuelt å nytte bekken. Beskriv kva utstyr og framgangsmåte du som helsefagarbeidar ville ha valt i ein slik situasjon.

  4. Les NRK-artikkelen –Sitt riktig på do! Korleis vil du stille inn pasientsenga ved bruk av bekken, med tanke på det artikkelen understrekar om anatomien til kroppen?

Praktisk øving

Gå saman i grupper på to eller tre elevar, og øv dykk på å gjennomføre prosedyre for bruk av bekken.

  1. Gjennomfør øving med vanleg bekken og med spissbekken, både i ryggleie og sideleie. Byt på rollene som pasient og helsefagarbeidar.

  2. Reflekter saman i gruppa og i klassen etterpå.

    • Korleis opplevde de det å liggje på bekken i seng?

    • Korleis opplevde de det å gi og ta bekken i seng?

Relatert innhald

Fagstoff
Omsorg og eigenomsorg

Egenomsorg inneber at ein greier å ta vare på eiga helse gjennom å dekkje behov innanfor fysiske, psykiske, sosiale, åndelege og kulturelle dimensjonar.