Fagartikkel
Barbering
Barbering er ein del av det daglege stellet til mannen. Enkelte føretrekkjer barbermaskin, mens andre ønskjer å nytte barberhøvel, kost og såpe.
- barbermaskin eller
- barberhøvel, kost, såpe eller barberskum
- handkle, spegel
- etterbarberingsvatn eller ein krem
Ved bruk av høvel:
- Utfør prosedyre for god handhygiene.
- Legg eit handkle rundt halsen til pasienten.
- Fukt huda med lunke vatn.
- Stryk barberskum utover huda eller stryk barbersåpe utover med kosten.
- Stram huda med den eine handa.
- Barber med skjeggveksten.
- Skyl høvelen ofte i lunke vatn.
- Etter barberinga skyl du huda med lunke vatn til alle såperestane er borte, så tørkar du huda godt.
- Ta eventuelt på etterbarberingsvatn eller krem dersom brukaren ønskjer det.
- Vask utstyret.
- Utfør prosedyre for god handhygiene.
Ved bruk av maskin:
- Utfør prosedyre for god handhygiene.
- Stram huda med den eine handa.
- Før maskina med roterande rørsler.
- Barber ansiktet og halsen.
- Ta på etterbarberingsvatn eller ein krem dersom brukaren ønskjer det.
- Reingjer maskina ved å opne og tømme ho. Børst forsiktig skjegg ut av maskina.
- Følg bruksrettleiinga til maskina for grundigare reinhald.
Utfordringar til deg
- Kor ofte kan det vere nødvendig med grundig reinhald av barbermaskina?
- Kvifor er det nødvendig å stramme huda under barberinga?
- Spør ein du kjenner, om du kan få prøve å barbere han. Be om tilbakemeldingar undervegs. Noter dei tilbakemeldingane du får. Kva var det viktigaste du lærte av dette?