Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å kle på seg

Dei fleste ønskjer sjølv å bestemme kva klede dei skal ha på seg. Klede skaper folk, seier vi ofte. For dei fleste av oss er kleda ein del av identiteten vår, og dei kan gi eit signal om kven vi er.
Eldre kvinne, som sit på sengekanten, får hjelp til påkleding av skjorte av ein kvinneleg helsefagarbeidar. Begge smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Det finst ulike hjelpemiddel til av- og påkleding. Gå inn på nettsida hjelpemidler for av- og påkledning (hjelpemiddeldatabasen.no), og sjå om du finn bilete av hjelpemiddel du kan nytte.

  2. Kva må du tenkje på og ta omsyn til når du skal hjelpe andre med av- og påkleding?

Gruppeoppgåver

Teikning av ein mann med svarte klede, naglearmband og eit hovudskallesmykke rundt halsen som ser spørjande inn i eit rom der tre unge gutar med hiphop-klede dansar breakdans og høyrer på musikk. Han seier "Var det ikkje her festen skulle vere, då ...?". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Sjå på teikninga over. Diskuter i klassen.

    1. Kva tenkjer de om menneska på dette biletet?

    2. Kva trur de kleda betyr for dei?

    3. Kva betyr klede for dykk?

    4. Kva trur de klede betyr for eit eldre menneske?

  2. Gå saman to og to og hjelp kvarandre med å ta på ei jakke eller skjorte når den eine armen er lamma.

  3. Del klassen inn i grupper på tre.

    1. Finn fram ulike klede de har samla inn på førehand.

    2. La éin i gruppa få bind for auga mens dei andre to finn fram til klede de tenkjer kan passe for denne eleven.

    3. Prøv å forklare utsjånaden på kleda for medeleven med bind for auga.

    4. Fjern bindet frå auga, og spør korleis det han eller ho såg føre seg ut frå skildringane dykkar, stemde med det han eller ho ser no.

    5. Kva fungerte godt?

    6. Byt roller.

CC BY-SASkrive av Lillian Brønseth, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2021

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie