Hopp til innhald

Fagstoff

Stell av føter

Alle treng å få føtene stelte, uansett helsetilstand eller diagnose. Om vi forsømmer føtene våre, kan vi få fotplager som kan gjere rørsle og funksjon smertefullt, og som vidare kan hindre aktivitet. Dette kan spesielt gjelde eldre menneske.
Ein person med blå plasthanskar smør inn ein fot med krem. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pleie av føter

Det er viktig å pleie føtene for å halde dei reine og mjuke. Gode føter bidreg til betre gangfunksjon. Til god fotpleie høyrer fotbad og stell av negler, og det er vanleg å vaske føtene dagleg i samband med morgonstellet.

Ein helsefagarbeidar utfører fotstell når han eller ho steller ein normal fot. Dersom brukaren har spesielle behov, som til dømes forhorna hud, sopp, vanskelege negler eller liktornar, er det vanleg å vise brukaren til ein fotterapeut.

Kontakt fotterapeut dersom brukaren treng

  • å få fjerna liktornar og hard hud
  • å få slipt neglene
  • å få lagt avlastingar

Fotterapeuten kan òg gi råd og rettleiing om korleis ein kan pleie føtene og førebyggje problem, og han eller ho kan gi individuelle råd om sko.

Kva må du tenkje på ved stell av føter?

Når du begynner med eit fotstell, er det viktig å ha alt for handa, slik at du slepp å gå frå behandlinga. Helsefagarbeidarar kan berre smørje føtene eller gi ein lett fotmassasje dersom alt tilseier at dette er forsvarleg.

  • Ikkje ta fotbad oftare enn éin til to gonger i veka. Dersom ein tek fotbad oftare, vil ein øydeleggje den naturleg vernande syrekappa i huda, noko som vil føre til tørr eller sprukken hud og gi større fare for infeksjonar.
  • Pass på at temperaturen på fotbadet ikkje er over 37 gradar, og at fotbadet ikkje varer lenger enn tre til fem minutt.
  • Bruk ein plastpose med såpeskum på sengeliggjande pasientar. Posen bør ikkje vere på føtene i meir enn tre minutt, sidan oppbløytt hud er ein mogleg inngangsport for infeksjonar.
  • Vask føtene godt, òg mellom tærne.
  • Ver ekstra nøye med å tørke mellom tærne for å førebyggje fotsopp.
  • Sjå etter om det er tendensar til fuktig, laus hud mellom tærne. Dersom det er det, fjernar du huda og har pudder mellom tærne til slutt.
  • Observer huda og neglene, kjenn på temperatur og sjå etter farge- og nagleendringar.
  • Smør føtene inn med ein god fotkrem som passar til hudtypen, og byt til reine strømper etterpå.

Ver forsiktig med massasje!

Ved somme sjukdomstilstandar kan det vere direkte skadeleg å gi massasje. Dette gjeld ved sjukdomstilstandar som åreknutar, blodpropp (trombose), betennelsar (inflammasjonar), svulstar og ved enkelte andre hudsjukdommar eller skadar i huda. Ein skal alltid vere forsiktig med å massere eldre menneske. I staden kan vi smørje inn føtene til brukaren lett.

Teikning av ein fot i ei vaskebalje og ei hand som vaskar foten med ein klut. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fotpleie

Nødvendig utstyr

  • vaskefat med såpe (grønsåpe) eller fotsalt

  • handkle og vaskeklut

  • naglesaks og fotfil

  • søppelpose

  • fotkrem

  • hanskar

  • talkum

Prosedyre

  • Utfør prosedyre for god handhygiene.

  • Sjekk at vatnet har passe temperatur, og la brukaren sitje med føtene i vaskefatet i tre til fem minutt slik at føtene blir mjuka opp.

  • Gni hard hud av med ein vaskeklut, eller bruk ei fotfil.

  • Tørk føtene grundig, spesielt mellom tærne.

  • Klipp neglene når det er behov for det, og hugs at negler skal klippast rett av litt av gongen. Søk råd om du er i tvil.

  • Masser fotkrem inn i føtene.

  • Bruk eventuelt pudder eller talkum.

  • Utfor prosedyre for god handhygiene.

  • Observer føtene og rapporter dei observasjonane du gjer deg.

Utfordringar til deg

  1. Har du hatt problem med føtene dine nokon gong? Kan du hugse korleis dette påverka deg?

  2. Kva er viktig å observere når du steller føtene til ein brukar?

  3. Kvifor er det nødvendig å henvise til ein fotterapeut dersom du observerer til dømes liktornar eller problem med neglene til ein brukar?

  4. Kva må du vere oppmerksam på dersom du skal utføre fotmassasje?

CC BY-NC-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Else Wiseth, Wenche Heir og Lillian Brønseth.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2021

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie