Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Urinprøvetaking

Ein urinprøve kan påvise infeksjon, skader i urinvegane og nyrene, hormonell ubalanse eller andre forhold i kroppen. Men då må prøvetakinga vere korrekt.
Urinprøveutstyr: eit plastglas med lokk med urinprøve, ein urinstix og urinstixbehaldar med fargekodar for avlesing av prøven. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Protein, kvite blodceller, sukker og nitritt er vanlegvis ikkje å finne i frisk urin. Viser urinprøven utslag på eitt eller fleire av desse stoffa, er det eit teikn misforhold i kroppen, og dette må undersøkast.

Individuell oppgåve

  1. Kva er årsaka til at urinprøvar skal bli tekne på morgonen, ikkje på kvelden?

  2. Kva blir meint med omgrepet "midtstrålen", og kvifor er det akkurat denne urinen prøven skal bestå av?

  3. Det er fleire faktorar som gjer ein urinprøve forureina og derfor ueigna for analyse. Desse skjer hovudsakleg når prøven blir teken. Kva faktorar er dette?

  4. Urinprøvar kan bli analyserte nær pasienten, som ved ein sjukeheim, ved bruk av urinstrimmel, eller sende til dyrking ved mikrobiologisk avdeling hos næraste sjukehus. Finn ut kvifor ein opererer med to ulike metodar, og kva dei gi svar på.

Praktisk øving

  1. Beskriv korleis du vil planlegge og gjennomføre prosedyren for urinprøvetaking.

    • Kvifor gjennomfører du urinprøvetaking?

    • Kva utstyr treng du?

    • Korleis gjennomfører du prosedyren?

    • Kva informasjon gir du til pasienten?

  2. Gjennomfør test med urinstix i samsvar med prosedyre. Her kan du nytte anten urin (eigen eller frå nokon andre), vatn tilsett glukosepulver og eventuelt ein drope blod, eller eplejus.

  3. Dokumenter gjennomføringa og resultat av urinprøven.

Relatert innhald

Hormon frå hypofysen gir signal til nyrene som sørger for at forholdet mellom vatn og salt blir halde mest mogleg konstant.

CC BY-SASkrive av Odd Ragnar Myhr og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2023

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie