Hopp til innhald

Fagstoff

Nyrer og urinvegar

Kvart døgn filtrerer nyrene dine 1200 – 1800 liter blod. Det gir omtrent 1,5 liter urin som blant anna inneheld nitrogenhaldige avfallsstoff frå forbrenning av protein.
Hormon frå hypofysen gir signal til nyrene som sørger for at forholdet mellom vatn og salt blir halde mest mogleg konstant.
Menn som står og tissar på offentleg toalett. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåva til nyrene

Sveitt kvinne i singlet tømmer siste rest av vatn frå ei flaske i munnen sin. Ho står i eit ørkenlandskap der bakken sprekk opp. Foto.

Cellene i kroppen vår er avhengige av at og vassinnhaldet rundt seg er stabile. Store endringar av dette miljøet kan føre til at cellene tek opp for mykje vatn og sprekk, eller at dei gir frå seg meir vatn enn dei bør, og skrumpar.

Vi har fleire reguleringsmekanismar som sørger for eit stabilt miljø, men det er først og fremst nyrene som regulerer osmolariteten og dermed vassinnhaldet i kroppen. Nyrene gjer det altså mogleg for oss å overleve under varierande forhold når det gjeld tilgang på vatn og ulike salt.

Nyrene har òg i oppgåve å skilje ut kroppsframande stoff (til dømes medikament) og avfallsstoff som blir danna under forbrenninga. Desse stoffa kan vere giftige for kroppen viss dei ikkje blir skilde ut. Avfallsstoff omfattar mellom anna urinstoff (urea/karbamid) som blir danna ved nedbrytinga av protein, og gallesalt som blir danna ved nedbrytinga av hemoglobin.

Cellene er òg avhengige av at pH-en i kroppen er stabil. Nyrene medverkar i denne reguleringa saman med lungene. Når pH-en i blodet er for låg, aukar nyrene mellom anna utskiljinga av H+-ion for å unngå for låg pH.

Oppbygginga av nyrene og urinvegane

Urinen blir danna i nyrene og leidd ut av kroppen gjennom urinvegane. Dei to nyrene våre ligg på kvar si side av ryggsøyla. Ytst består nyrene av ein raudaktig nyrebork som sluttar kring den indre nyremergen. Nyremergen inneheld pyramidar. Kvar pyramide er brei ut mot borken, mens spissen endar nedst i mergen der han leier urinen ned i nyrebekkenet.

Teikna snitt gjennom ei nyre frå eit menneske. Illustrasjon.

Pyramidane består av ei samling med urinproduserande einingar som vi kallar nefronar. I kvar nyre er det cirka 1 million av desse nefronane.

Nefronane består av eit kapillarnøste, ein kapsel og ein nyrekanal. Kapillarnøstet består av små blodårer. Desse er omgitte av ein kapsel som blir kalla Bowmans kapsel. Kapselen går over i ein nyrekanal som startar i nyreborken og slynger seg vidare djupt ned i nyremergen og opp til nyreborken igjen.

Gjennomskoren nyre. Foto.

Dei ulike områda i kanalen har forskjellige funksjonar. Nyrekanalen er omgitt av blodårer som fraktar filtrert blod vekk frå nyrene. Fleire nyrekanalar munnar ut i samlerøyr som leier urinen ut i nyrebekkenet. Frå nyrebekkenet blir urinen leidd gjennom urinleiarane til urinblæra. Urinen blir tømt ut frå urinblæra og forlèt kroppen gjennom urinrøyret ved behov.

CC BY-SASkrive av Tone Pedersen Rangul og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Urinsystemet