Hopp til innhald

Fagstoff

Måling av blodtrykk

Vi måler blodtrykket for å finne ut om det er normalt eller ikkje. Avvikande blodtrykk kan vere teikn på sjukdom. Blodtrykksmålinga har betyding når legen skal stille diagnose og avgjere behandling av eventuell sjukdom.

Måle blodtrykk

Når du skal måle blodtrykket, må du sørgje for at brukaren har vore i ro i minst 10–15 minutt før du måler, og du må informere om kva som skal skje. Har vedkomande nettopp trena, bada, drukke kaffi eller røykt, bør du vente i ein time før måling.

Under målinga kan personen anten sitje eller liggje. Dersom brukaren har ein overdel med romslege erme, kan du brette opp det eine ermet. Viss overdelen har tronge erme eller oppbretten kjem i vegen for blodtrykksmansjetten, må du be brukaren om å ta av seg overdelen eller ta ut den eine armen.

Mannleg helsefagarbeidar måler blodtrykk på ein sengeliggjande kvinneleg pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Manuelt blodtrykksapparat

Nødvendig utstyr

  • manuelt blodtrykksapparat med mansjett i riktig storleik
  • stetoskop

Prosedyre

  • Klem ut eventuell luft i mansjetten, og skru igjen ventilen.
  • Fest mansjetten rundt overarmen til brukaren slik at han sit på plass utan å stramme. Den nedre kanten til mansjetten skal vere om lag to cm over olbogeleddet. Slangen frå mansjetten skal liggje rett over blodåra.
  • Plasser armen til brukaren slik at han med lett bøyg i olbogen kviler mot madrassen eller bordet.
  • Ta på deg stetoskopet. Dersom du nyttar eit dobbeltsidig stetoskop, må du opne sida du vil nytte, klokke eller membran, ved å rotere bryststykket i enden av slangen. Viss membranen er open, er klokka lukka, og omvendt.
  • Legg stetoskopet på innsida av olbogen til pasienten, og lytt etter pulsen.
  • Pump opp manometeret til du ikkje lenger høyrer pulsen i stetoskopet.
  • Skru opp ventilen og slepp lufta gradvis ut til du høyrer pulsen igjen. Merk deg talet manometeret viser, med det same du høyrer pulsslaga. Dette er overtrykket (systolisk blodtrykk).
  • Hald fram med å sleppe ut lufta gradvis til du ikkje lenger høyrer pulsslag. Talet som blir vist idet pulsen ikkje lenger er høyrbar, er undertrykket (diastolisk blodtrykk).
  • Slepp ut resten av lufta og ta av mansjetten.
  • Dersom du er i tvil om målinga er riktig, bør du vente i nokre minutt og så måle ein gong til.
  • Tørk av øyreproppane på stetoskopet med desinfeksjonssprit, og rydd på plass utstyr.
  • Rund av verdiane til næraste 2 mmHg, og dokumenter resultatet skriftleg. Dersom målingane er avvikande frå normalt blodtrykk, må du straks melde frå til den som er ansvarlege for brukaren.

Digitalt blodtrykksapparat som viser 139/77 mmHg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elektronisk blodtrykksapparat

Bruk av elektronisk blodtrykksmåling er stadig meir vanleg, men faren for unøyaktige målingar og feilkjelder er større enn ved manuell måling. Feil bruk av apparatet, feil mansjett eller stive årer hos eldre kan bidra til dette.

Prosedyre

  • Bruk eit validert blodtrykksapparat som er CE-merkt.

  • Følg brukarmanualen for det enkelte apparatet.

  • Opne mansjetten og stikk inn venstre arm. Plasser mansjetten slik at den nedre kanten er to cm over innsida av olbogeleddet.

  • Pass på at pulsåremerket er plassert over hovudpulsåra på innsida av armen. Trykk med to fingrar omtrent to cm over innsida av olbogen for å finne hovudpulsåra.

  • Stram mansjetten slik at det er plass til to fingrar mellom mansjetten og armen.

  • Plasser armen til brukaren på bordet med handflata oppover slik at mansjetten er i same høgd som hjartet til brukaren.

  • Trykk på av/på-knappen. Apparatet blæs så automatisk opp mansjetten. Når målinga er ferdig, blir lufta sleppt ut av mansjetten.

  • Mål gjerne blodtrykket opptil tre gonger med eitt minutts mellomrom utan å løyse mansjetten. Finn gjennomsnittet av dei tre målingane. Mange apparat reknar ut dette for deg.

  • Mål blodtrykket på same tidspunktet på dagen. Venstre arm blir tilrådd.

Utfordringar til deg

  1. Kva er normalt blodtrykk for ulike aldersgrupper?

  2. Det er ulike grunnar til at blodtrykk blir målt. Kva for nokre?

  3. Tenk deg at du er med i ein spionfilm. På kva måte kan variasjonar i blodtrykket påverke om du består ein løgndetektortest eller ikkje?

CC BY-NC-SASkrive av Lene Fossbråten og Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie