Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sårstell

Steller du sår på riktig måte, vil det bidra til såret raskare heilar, samtidig som du førebyggjer infeksjonar. Som helsefagarbeidar vil stell av enkle og overflatiske sår vere ein del av kompetansefeltet og ansvarsområdet ditt.
Absorberande kompress blir lagd på handbaken til ein eldre person av to hender med plasthanskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving i par: stell av sår

  1. Teikn eit sår på ein medelev, eller legg på kunstig sår, viss skulen har tilgang til dette.

  2. Gjennomfør sårstell i tråd med prosedyren. Byt deretter roller.

Lag film

Stell av sår krev innsikt og bruk av grunnleggjande smittevernrutinar.

  1. Gå saman i grupper på tre eller fire elevar, og lag ein kort film med fokus på hygieniske prinsipp ved sårstell. Fordel rollene som pasient, helsefagarbeidar og assistent mellom dykk, og bestem kven som skal filme prosedyren. Start filmopptaket idet helsefagarbeidaren kjem inn på pasientrommet, og avslutt idet denne forlèt rommet etter utført sårstell.

  2. Vis filmen for klassen og diskuter:

    1. Kva for nokre grunnleggjande smittevernrutinar vart følgde?

    2. Kva (om nokon) smittevernrutinar vart gløymde?

Relatert innhald

Når vi sit eller ligg, blir kroppen trykt mot underlaget. Dersom trykket varer over tid, kan det oppstå skade på vevet.

CC BY-SASkrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2021

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie