Hopp til innhald

Fagstoff

Førebygging av trykksår

Decubitus er den medisinske nemninga på trykksår. Når vi sit eller ligg, blir kroppen trykt mot underlaget. Dersom trykket varer over tid, kan det oppstå skade på vevet.
To helsefagarbeidarar undersøker foten til ein eldre, sengeliggande pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved trykksår blir hud og musklar klemde mellom underlaget og knoklane. Blodtilførsla kan bli redusert eller avstengd, og huda vil ikkje få nok oksygen og næringsstoff. Då kan det oppstå skade på vevet. Underhudsfeittet fungerer som polstring mellom underlaget og knoklane.

Symptom på utvikling av trykksår

  • bleikt hudområde på grunn av manglande blodtilførsel
  • ømheit og smerter i hudområdet
  • raudt hudområde fordi blod som kjem til, hopar seg opp utan å bli transportert bort
  • blåleg hudområde fordi det blodet som har hopa seg opp, gir frå seg oksygen
  • blåsvart hud fordi vevet døyr og det oppstår blæredanning
  • sår og vond lukt fordi det daude vevet rotnar

Førebygging av trykksår

Søke etter moglege årsaker til problemet

Når vi sit eller ligg, blir kroppen trykt mot underlaget. Dersom trykket varer over tid, kan ikkje underhudsfeittet hindre utvikling av trykksår. Mange pasientar har lite underhudsfeitt. Skrukker på lakenet, smular i senga eller saumar på kleda kan då vere nok til at pasienten utviklar trykksår.

Aktivitet

Aktivitet fører til auka blodgjennomstrøyming, slik at oksygen og næringsstoff kjem fram til huda. Ved å endre stilling varierer ein kva for hudområde som blir utsette for vekt og trykk. Putevandring er døme på eit godt tiltak som hjelper til med å variere trykkpunkta.

Dersom pasienten ikkje har ressursar til å røre på seg eller gjere øvingar på eiga hand, kan helsepersonellet hjelpe pasienten med passive øvingar. Å strekke og bøye armane og beina til pasienten eller snu pasienten i senga betrar blodgjennomstrøyminga til huda.

Rikeleg drikke

For at huda skal halde seg mjuk og elastisk, treng ho tilførsle av væske. Sur drikke som jus og sure mjølkedrikkar vil òg hjelpe til med til å styrke immunforsvaret.

Næringsrikt kosthald

Protein er byggesteinar i kroppen, og for pasientar som er utsette for trykksår, er det tilrådd med proteinrik kost. Vitamina A og C og minerala sink og selen verkar gunstig på hudkvaliteten. Sidan kroppen treng polstring, er det òg viktig at pasientane får feitt i kosten.

Hygiene

Tørr, rein og smidig hud er motstandsdyktig mot trykkskadar. Inkontinente pasientar og pasientar som sveittar mykje, er særleg utsette for å få friksjonssår og rifter fordi fukta svekker huda. Under stell er det viktig å tørke pasienten godt. Kleda bør vere av bomull og bør skiftast ofte dersom pasienten sveittar mykje. Friksjonsskade på hud kan vi unngå ved bruk av silkelaken.

Hudpleie

For å oppretthalde ei elastisk og motstandsdyktig hud er det viktig å smørje huda med godkjende produkt. Dersom huda er tørr, bør ho smørjast både morgon og kveld. Smørjing bør skje i retning mot hjartet for å stimulere den venøse tilbakestrøyminga.

Er pasienten inkontinent, bør ein bruke ein vassavstøytande salve eller ein barrierekrem. Støytputesalvar som kan brukast førebyggande på trykkutsette område, er òg å få kjøpt.

Hjelpemiddel

Det finst mange trykkavlastande hjelpemiddel på marknaden. Ein ergoterapeut eller ein fysioterapeut har god kunnskap om trykkavlastande hjelpemiddel.

Utfordringar til deg

  1. Kva er trykksår?

  2. Kva er friksjon, og kvifor kan det skade huda?

  3. Korleis kan du forhindre trykksår?

  4. Korleis vil du behandle eit trykksår?

Relatert innhald

Steller du sår på riktig måte, vil det bidra til at såret raskare heilar, samtidig som du førebyggjer infeksjonar.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.02.2022

Læringsressursar

Immobilitet og komplikasjonar