Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førebygging av immobilitetskomplikasjonar

Har du tenkt over at når du som helsefagarbeidar førebygger komplikasjonar ved immobilitet, sparer du pasientar og brukarar for unødig liding og forlengd behandlingstid? I tillegg sparer du helsevesenet for meirutgifter til behandling og pleie slik at ressursane kan brukast på andre oppgåver.
Kvinneleg pasient som ligg i seng mens hun får intravenøs behandling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Kva vil det seie å vere immobil?

  2. Kva er ein komplikasjon?

  3. Kvifor er menneske som er immobile, utsette for ulike komplikasjonar?

  4. Kva grupper er meir utsette enn andre for å få komplikasjonar som følge av immobilitet?

  5. Kva er hovudårsaka til at desse gruppene er meir utsette enn andre?

  6. Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar har god kunnskap om førebygging av komplikasjonar ved immobilitet?

Gruppeoppgåver

  1. Teikn opp kroppen på eit stort ark, og skriv inn kvar på kroppen dei ulike komplikasjonane som følge av immobilitet kan oppstå.

  2. Beskriv tre tiltak for å førebygge komplikasjonar ved immobilitet der helsefagarbeidaren har ei viktig rolle.

  3. Lag ein plakat med enkle tiltak som kan førebygge psykiske forandringar hos ein pasient som er immobil. Grunngi forslaga deira.

  4. Søk på nettet og sjå kva de kan finne av trykkavlastande hjelpemiddel. Lag ein presentasjon av det de finn og forklar korleis desse kan førebygge trykksår (decubitus).

CC BY-SASkrive av Wenche Heir, Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2022

Læringsressursar

Immobilitet og komplikasjonar