Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsantrekk og verneutstyr

Å nytte arbeidsantrekk og verneutstyr høyrer til
dei basale smittevernrutinane i helsetenesta. Personleg verneutstyr er eit viktig smitteverntiltak som vi må nytte på riktig måte og til rett tid.

Arbeidsantrekk

Arbeidsantrekket vårt kjem i direkte kontakt med pasienten under stell og anna arbeid. Derfor er det viktig at vi startar arbeidsdagen med reint arbeidsantrekk.

Arbeidsantrekket skal ikkje bli nytta utanfor arbeidsstaden. Vi skal derfor skifte til arbeidsantrekk på arbeidsstaden, ikkje heime. Vi skal òg skifte dersom vi forlèt arbeidsstaden til dømes for å gjere ærend. Dersom arbeidsantrekket blir tilsølt under arbeid, skal vi skifte til reint tøy.

Verneutstyr

Stellefrakk

For å verne arbeidsantrekket og pasienten bør vi nytte stellefrakk eller eingongsforkle i situasjonar som kan ureine arbeidsantrekket. Det kan vere i situasjonar der vi kjem tett på pasienten, til dømes når vi skal stelle pasienten eller reie senga.

Når vi arbeider på skyljerommet, bør vi òg nytte stellefrakk eller eingongsforkle. Ein fordel med eingongsforkleet er at det har eit plastlag som òg hindrar at fukt trenger gjennom.

Når vi arbeider med ein pasient, skal vi nytte stellefrakk eller eingongsforkle. Ligg det fleire pasientar på rommet, skal vi byte stellefrakk eller forkle mellom pasientane. Vi skal ta av oss stellefrakk eller eingongsforkle dersom vi må forlate rommet for å hente utstyr eller liknande. Stellefrakken kan nyttast hos same pasient i eitt døgn dersom han ikkje blir tilsølt. Vi skiftar stellefrakk kvar dag etter morgonstellet.

Smittefrakk

Ved påvist smitte ved avdelinga skal vi nytte gul smittefrakk. Fargen signaliserer smitterisiko, og han skil seg frå dei blå stellefrakkane ved at han er langerma og har ribbestrikk i erma. Dette er for å dekke til det vanlege arbeidsantrekket til personalet på ein betre måte. Akkurat som stellefrakkar skal smittefrakkar bli nytta i maksimalt eitt døgn, og dei skal henge på rommen til pasienten med utsida vend utover. For vask legg vi smittefrakkar i gul tøysekk, berekna på smittevask.

Vernehanskar

Vi nyttar hanskar i prosedyrar som kan forureine hendene. Føremålet med hanskar er å redusere overføringa av smittestoff frå pasienten til helsearbeidarane.

Vi skal nytte hanskar

  • når vi kjem i kontakt med blod og andre kroppsvæsker

  • når vi kjem i kontakt med hud som ikkje er heil

  • når vi kjem i kontakt med forureina gjenstandar

  • når vi kjem i kontakt med smitteberande pasientar

  • når vi har sår eller eksem på hendene våre

Vi nyttar hanskar til berre éin arbeidsoperasjon om gongen. Dersom vi startar ein ny prosedyre på same pasient, skal vi òg skifte hanskar. Det same gjeld dersom vi blir avbrotne i arbeidet. Hanskar er ikkje ein absolutt barriere. Dei kan ha mikroskopiske hol eller gå i sund under arbeid.

Hendene blir fort klamme og fuktige når vi nyttar hanskar. Derfor er det viktig med handhygiene før vi tek på hanskar, og umiddelbart etter at vi har teke av hanskane.

Sjukepleiar med munnbind og hårnett tek på seg eingongshanskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Munnbind

Det finst munnbind eller munnvern av ulike kvalitetar. Dei enkle munnbinda gir som regel ikkje tilstrekkeleg og føremålstenleg vern for å førebygge smitte.

Vi nyttar munnbind både for å verne pasientane mot luftvegsmikrobane vi helsearbeidarar har med oss, og for å verne oss helsearbeidarar mot smitte frå pasientar med luftvegsinfeksjon.

Bruk av munnbind

Når vi nyttar munnbind, skal vi unngå at hendene kjem i kontakt med nasen. Munnbind blir òg forureina ved bruk, og vi skal berre nytte det til éin arbeidsoperasjon og kaste det rett etter bruk. Vi tek nytt munnbind når vi byrjar på ein ny arbeidsoperasjon.

Dersom vi lèt det brukte munnbindet henge rundt halsen eller oppbevarer det i lomma, blir arbeidsantrekket forureina, og vi spreier mikroorganismar i miljøet og til andre pasientar. Vi skal òg reingjere hendene umiddelbart etter at vi har fjerna munnbindet.

Augevern

Vi nyttar visir eller vernebriller for å verne slimhinnene i auga dersom det er fare for sprut.

Auka miljømedvit

Globalt står klimagassutsleppa frå helsesektoren for meir utslepp enn flytrafikk og shipping til saman. Heile 4,3 prosent av klimagassutsleppa i Noreg kjem frå helsesektoren, ifølge det forskingsbaserte prosjektet Grønt helsevesen som har som mål å gjere det norske helsevesenet klimanøytralt.

Med tanke på målet om berekraftig utvikling må du som helsefagarbeidar opptre miljømedvite, òg i val av arbeidsantrekk. Er eigentleg eingongsutstyr som stellefrakkar av plast å føretrekke framfor arbeidsantrekk som kan vaskast og nyttast mange gonger?

Utfordringar til deg

  1. Kvifor skal vi nytte arbeidsantrekk i helsearbeid?

  2. Kvifor er det viktig å kjenne til prosedyrar for arbeidsantrekk og verneutstyr?

  3. Kva er føremålet med bruk av vernehanskar og munnbind?

  4. Korleis kan du opptre miljømedvite ved val av arbeidsantrekk?

Kjelde

Grønt helsevesen. (2021). Grønn omstilling i norsk helsevesen. Med kurs mot en klimanøytral sektor. https://static1.squarespace.com/static/600995e7e8a8210901a5d698/t/615cc9cd28da350b487438f5/1633470941520/Gr%C3%B8nt+helsevesen+rapport+2021+%282%29.pdf

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jørn Stordalen, Vigdis Haugan og Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2023

Læringsressursar

Smitteverntiltak i helse- og omsorgstenesta