Hopp til innhald

Fagstoff

Å dusje eller bade ein brukar

Å dusje er ein del av den daglege personlege hygienen for nokon. Helsetilstanden og vanane til brukaren er avgjerande for kor ofte personen skal dusje. Å bade kan lindre smerter eller stivleik i kroppen og er eit alternativ til dusj for enkelte brukarar.
Mann vaskar håret i dusj. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dusj

Ein dusj kan vere ein del av eit tilbod for å lindre smerte, eller det kan vere førebuing til behandling, til dømes kirurgiske inngrep. For brukarar og pasientar som sveittar mykje, kan ein dagleg dusj bety mykje for velvære.

Nødvendig utstyr

  • vaskeklutar og handkle
  • såpe, hårsjampo og eventuelt balsam
  • hudlotion
  • deodorant
  • pose til skitenklede
  • reine klede
  • dusjstol og sklisikker matte
  • dusjtralle kan vere eit alternativ for nokon
  • eingongshanskar
  • eventuelt dusjforkle til deg sjølv
  • eventuelt støvlar eller skoovertrekk i plast
  • naglesaks

Prosedyre

  • Ha god handhygiene.

  • Tenk sikkerheit for brukaren, og sjekk at hjula på dusjstolen er låste.

  • Sørg for at vatnet har riktig temperatur. Spør brukaren om det er passe varmt, eller sjekk med underarmen din.

  • La brukaren gjere mest mogleg sjølv.

  • La brukaren bestemme tempoet og korleis han eller ho vil ha det.

  • Start ovanfrå med hårvask og arbeid deg nedover.

  • Hugs å skylje godt.

  • Tørk godt, spesielt under hudfaldar, mellom tærne og under brysta.

  • Observer huda og smør eventuelt med lotion eller krem.

  • Kle på brukaren.

  • Hjelp til med eventuell sminke og stell håret slik brukaren ønskjer det.

Hugs!

  • Reingjer og rydd etter deg.

  • Desinfiser dusjstolen og tralla for å hindre at smitte blir spreidd.

  • Utfør god handhygiene når du er ferdig.

  • Dokumenter og rapporter.

Bad i badekar eller badetralle

Ei badetralle kan vere eit alternativ til dusjing dersom personen ikkje er i stand til å stå eller å sitje lenge nok til å gjennomføre ein dusj. Det er òg heimebuande brukarar som ønskjer å bade i badekar med hjelp frå heimetenesta.

Det er viktig å vareta sikkerheita til brukarane når dei skal bade i badekar eller badetralle. Alle kjem seg ikkje opp i badekaret utan hjelp, og då kan vi nytte badekarheis eller badetralle. Viss brukaren kan gå opp i karet sjølv, er det viktig at det er trygt. Bruk derfor badematte eller anna underlag både i badekaret og på golvet for å unngå at brukaren sklir.

Kvinneleg helsefagarbeidar hjelper eldre kvinne med å ta eit bad. Ho held opp eit handkle til kvinna. Foto.

Hugs!

Ver ekstra påpasseleg med hygiene når badekar eller badetralle blir nytta. Fuktig klima kan vere grobotn for både sopp og bakteriar, så de må vere svært nøye med reingjering av slikt utstyr. Følg gjeldande prosedyrar på arbeidsplassen din.

Utstyr og prosedyre

Ved bad i badekar må du nytte same utsyr og følgje same prosedyre som ved dusj.

  • Sjekk temperaturen på vatnet. Brukaren må verken fryse eller bli skålda.

  • La brukaren bestemme kva som er riktig temperatur. Viss brukaren ikkje kan gjere det sjølv, sjekkar du med underarmen din om det er passe varmt.

  • Rydd etter deg.

  • Reingjer badekar eller badetralle med desinfeksjonsmiddel. Følg gjeldande prosedyre for dette.

  • Sorter skitenklede og send dette til vask.

  • Utfør prosedyre for god handhygiene når du er ferdig.

  • Dokumenter og rapporter.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor treng helsefagarbeidaren kunnskap om prosedyrar ved dusj og bading?
  2. Korleis kan du kartleggje ønska til brukaren?
  3. Kvifor og kva skal du dokumentere og rapportere etter ein dusj eller eit bad?

Relatert innhald

Pasientar og brukarar har behov for ulik grad av tilrettelegging og hjelp for å utføre personleg hygiene.

Observasjonane gir deg informasjon slik at du kan kartleggje dei individuelle ressursane og behova til brukaren.

CC BY-NC-SASkrive av Marit Smith Sørhøy og Lillian Brønseth.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie