K-kommando
For å programmere ein boge i ein G-kode er det vanlegast å oppgi startpunktet til bogen og sluttpunktet, i tillegg til å oppgi radius eller senterpunktet til bogen, origo.
For å oppgi senterpunktet til bogen eller sirkelen må du bruke kommandoane I, J og K. Kommandoen K beskriv avstanden frå bogens startpunkt til senterpunktet til bogen langs Z-aksen.
Det er viktig at ein her ser på avstanden mellom startpunkt og senterpunkt, og ikkje nyttar koordinaten til senterpunktet.
Koordinatar for K-kommando
Her må du ta utgangspunkt i koordinatane for startpunktet til bogen og finne avstanden frå dette punktet til senterpunktet til bogen. Denne verdien kan vere både positiv og negativ, alt etter kvar i koordinatsystemet senterpunktet er i Z-aksen.
Viss senterpunktet er på positiv side av startpunktet, blir K-kommandoen positiv, men viss senterpunktet er på negativ side i koordinatsystemet, blir verdien negativ.
CNC-maskina reknar då sjølv ut radiusen til bogen når ho kalkulerer verktøybanen.
Kommandoen blir spesielt brukt viss ein ikkje har faste punkt som start eller stopp for ein kurve, eksempelvis viss ein kurve går over i ein ny kurve der maskina sjølv bereknar konturen og verktøybanen.
Klarer du å velje riktig programlinje for verktøybanane i illustrasjonane?
Tips
Hugs at rotasjonsretninga for verktøybanen blir bestemd med G-kommandoane G02 og G03. Hugsar du kva som var medurs og moturs?
Relatert innhald
Bruk av kommandoen J ved programmering av ein G-kode for bruk i ein CNC-styrt maskin.