Val av plan ved CNC-programmering - Teknologi (TP-PIN vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Val av plan ved CNC-programmering

Kor mange plan du kan få maskina til å jobbe i, avheng av kor avansert ho er. Dess fleire aksar maskina er i stand til å handtere, dess fleire plan kan ho jobbe i.

Koordinatsystemet

Kor mange plan du kan bruke når du utviklar eit program for ei CNC-maskin, avheng av typen maskin du har. Dei vanlegaste fresemaskinene handterer ikkje meir enn tre aksar (X, Y og Z). Dette betyr at vi programmerer i XY-planet, som vi vel med G-kommandoen G17.

Ein vanleg dreiebenk opererer vanlegvis med aksane X og Z. Z-aksen oppgir bevegelse i lengderetninga til arbeidsemnet (aksial bevegelse), og X-aksen oppgir bevegelse inn mot senterpunktet til arbeidsemnet (radial bevegelse). Y-aksen blir berre brukt ved programmering av meir avanserte CNC-maskiner.

Koordinatplan

For å oppgi kva plan, altså kva side av arbeidsemnet, CNC-maskina skal jobbe på, bruker vi ein G-kommando.

G17

Kommando G17 fortel CNC-maskina at ho skal jobbe i XY-planet. XY-koordinatane fortel då korleis CNC-maskina skal gå for å utvikle konturen du har programmert. Kor djupt verktøyet kuttar i arbeidsemnet, blir då bestemt av Z-verdien.

G18

Kommando G18 fortel CNC-maskina at ho skal jobbe i XZ-planet. XZ-koordinatane fortel då korleis CNC-maskina skal gå for å utvikle konturen du har programmert. Kor djupt verktøyet kuttar i arbeidsemnet, blir då bestemt av Y-verdien.

G19

Kommando G19 fortel CNC-maskina at ho skal jobbe i YZ-planet. YZ-koordinatane fortel då korleis CNC-maskina skal gå for å utvikle konturen du har programmert. Kor djupt verktøyet kuttar i arbeidsemnet, blir då bestemt av X-verdien.

Kontrollspørsmål

Hugsar du det viktigaste du har lese på denne sida?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2023