M-kommando
M-kommandoar fortel maskina kva funksjonar ho skal nytte når ho skal utføre arbeidet i G-koden.
Dette kan vere funksjonar som å starte og stoppe spindelen og kva retning han skal rotere, skru av og på kjølevæske og å fortelje maskina at ho skal stoppe for å skifte verktøy.
Det er utvikla ein ISO-standard for desse kodane, ISO 6983, som alle maskinleverandørane forheld seg til. Likevel kan enkelte maskinleverandørane nytte eigne M-kommandoar for spesielle funksjonar, og dette må du sjekke opp mot instruksjonsmanualen til maskina. Kva M-kommandoar du kan nytte, kjem òg an på kva funksjonar maskina har.
M-kommandoar er bygde opp av bokstaven M saman med eit tal, til dømes M08.
M-kommandoane kan ha ulik varigheit i programmet.
Aktiv i programlinje
Enkelte kommandoar er berre aktive i den programlinja de er skrivne i. Dette kan til dømes vere kommando for programstopp og verktøyskifte. CNC-maskina gjennomfører då kommandoen éin gong og gløymer så kommandoen.
Aktiv inntil ny kommando
Enkelte M-kommandoar varer derimot inntil CNC-maskina får ein ny beskjed i G-koden. Dette kan vere kommandoar som å starte spindelen eller å starte kjøling. Ved bruk av desse kommandoane vil spindelen gå eller kjølinga vere aktiv heilt til CNC-maskina får beskjed om å stoppe funksjonane.
Denne tabellen beskriv dei mest brukte M-kommandoane og varigheit og rekkefølgeavgjerder for den enkelte kommandoen.
For meir informasjon kan du trykke på kvar enkelt kommando og lese forklaringa.
Kode | Aktiverast før rørsle | Aktiverast etter rørsle | Aktiv til ny kommando | Aktiv berre i programlinje | Tyding |
---|---|---|---|---|---|
M00 | X | X | Program stopp | ||
M01 | X | X | Valfri stopp | ||
M02 | X | X | Programslutt | ||
M03 | X | X | Start spindel moturs | ||
M04 | X | X | Start spindel medurs | ||
M05 | X | X | Stopp spindel | ||
M06 | X | Verktøyskift | |||
M08 | X | X | Kjølevæske på | ||
M09 | X | X | Kjølevæske av | ||
M10 | X | Fastspenning av arbeidsemne | |||
M11 | X | Losne arbeidsemne | |||
M30 | X | X | Programslutt | ||
M60 | X | X | Byt arbeidsemne |
Det er ulikt korleis forskjellige M-kommandoar blir lesne av CNC-maskina. Ofte programmerer du fleire ulike kommandoar og koordinatar på same linje, og då er det viktig å vite i kva rekkefølge CNC-maskina gjennomfører dei ulike kommandoane og rørslene.
Blir aktiverte ved start av rørsle
Nokre kommandoar har ein funksjon det er vesentleg å aktivere før CNC-maskina startar rørsla. Dette kan til dømes vere start av spindel og aktivering av kjølevæske. Dette er kommandoar og funksjonar som er vesentlege for at maskina skal kunne utføre resten av programlinja. Uansett kvar i programlinja desse kommandoane står, blir dei aktiverte først.
Blir aktiverte etter rørsle
Det er òg nokre M-kommandoar som blir aktiverte etter at CNC-maskina har utført dei andre kommandoane i programlinja.
Dette kan vere M-kommandoar som M05 (spindel stopp) og M09 (kjølevæske stopp). I desse tilfella gjer CNC-maskina dei andre kommandoane på linja før M-kommandoane blir utførte, uansett kvar i programlinja kommandoane står.