J-kommando - Teknologi (TP-PIN vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

J-kommando

Kommandoen "J" blir brukt ved programmering av CNC for å setje senter av ein boge der det er avstand frå starten av bogen til senter av bogen i Y-aksen.
Forklaring av figuren

Figuren viser ein sirkulær boge medurs. Senter i bogen er markert med eit origoteikn. Bogen i figuren kan programmerast med denne koden:

  • Linjenummer: N100

  • Sirkulær rørsle med urvisaren: G02

  • X-koordinat P2: X5

  • Y-koordinat P2: Y1

  • Avstand frå P1 til senter i bogen i Y-retning: J3

Programmering med J-kommando

For å programmere ein boge i ein G-kode er det vanlegast å oppgi startpunktet til bogen og sluttpunktet, i tillegg til å oppgi radius eller senterpunktet til bogen, origo.

For å oppgi senterpunktet til bogen eller sirkelen må du bruke kommandoane I, J og K. Kommandoen J beskriv avstanden frå bogens startpunkt til senterpunktet til bogen langs Y-aksen.

Det er viktig at ein her ser på avstanden mellom startpunkt og senterpunkt, og ikkje nyttar koordinaten til senterpunktet.

Koordinatar for J-kommando

Her må du ta utgangspunkt i koordinatane for startpunktet til bogen og finne avstanden frå dette punktet til senterpunktet på bogen. Denne verdien kan vere både positiv og negativ, avhengig av om senterpunktet er over eller under startpunktet på Y-aksen.

Viss senterpunktet er over startpunktet, blir J-kommandoen positiv, men viss senterpunktet er under startpunktet, blir verdien negativ.

CNC-maskina reknar då sjølv ut radiusen til bogen når ho kalkulerer verktøybanen.

Kommandoen blir spesielt brukt viss ein ikkje har faste punkt som start eller stopp for ei kurve, eksempelvis viss ei kurve går over i ei ny kurve der maskina sjølv bereknar konturen og verktøybanen.

Kontrollspørsmål

Klarer du å velje riktig programlinje for verktøybanane i illustrasjonane?

Tips

Hugs at rotasjonsretninga for verktøybanen blir bestemd med G-kommandoane G02 og G03. Hugsar du kva som var medurs og moturs?

Relatert innhald

Fagstoff
K-kommando

K-kommando blir brukt ved programmering av sirkulær rørsle på ei CNC-styrt maskin.

Fagstoff
I-kommando

Bruk av kommandoen I ved ISO-programmering av ei CNC-maskin.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2023