S-kommando - Teknologi (TP-PIN vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

S-kommando

S-kommando er ein kode som vi bruker ved ISO-programmering av ei CNC-styrt maskin. Koden angir turtalet på spindelen.

Val av omdreiingsfart

Når du programmerer ei CNC-maskin, er det viktig å angi riktig omdreiingstal for kjoks eller spindel slik at du oppnår riktig skjerehastigheit.

Du programmerer rotasjonsfarten ved å angi bokstaven S saman med eit tal, til dømes S1500. Ved å nytte S1500 fortel du CNC-maskina at kjoksen eller verktøyet skal rotere med 1500 o/min.

Du kan velje to ulike metodar for å gi kommando om omdreiingsfarten til spindelen.

Fast omdreiingsfart

Ved bruk av fast omdreiingsfart roterer spindelen med same fart gjennom heile arbeidsoppgåva. Dette fungerer godt ved fresing og ved mindre dreieoppgåver der du ikkje skal fjerne så mykje materiale.

For å fortelje maskina at ho skal nytte fast omdreiingsfart, nyttar du kommandoen G97.

For å finne riktig omdreiingstal må du nytte verkstadshandboka.

Døme

Viss du skal dreie eit arbeidsemne der du har funne ut at optimalt omdreiingstal er 1450 o/min, vil kommandoen til maskina bli N10 G97 S1450.

Variabel omdreiingsfart

For dreiebenkar kan ein òg fortelje at arbeidsemnet skal rotere med varierande fart etter kvart som arbeidsemnet blir mindre og mindre, for å halde oppe ein konstant . Talet du då angir saman med bokstaven S, blir skjerehastigheit i meter per minutt (m/min).

For å fortelje maskina at ho skal nytte variabel omdreiingsfart, nyttar du kommandoen G96.

For å finne riktig skjerehastigheit må du nytte verkstadshandboka.

Døme

Viss du skal dreie eit arbeidsemne der du har funne ut at optimal skjerehastigheit er 200 m/min, vil kommandoen til maskina bli N10 G96 S200.

Rotasjonsretning

Ei CNC-styrt maskin kan rotere begge vegar, og det er derfor viktig at vi òg angir kva retning ho skal rotere.

Vi angir derfor S-kommandoen saman med ein G-kommando. Rotasjonsretninga blir angitt som med eller mot klokka (medurs eller moturs). Kommandoen G02 angir at maskina skal rotere med klokka, altså same vegen som klokka går, mens G03 angir at maskina skal rotere mot retninga til klokka.

Kommandoen kan då bli G02 S2000, som fortel at CNC-benken skal rotere i same retning som klokka med ein fart på 2000 o/min.

Døme

Viss du skal dreie eit arbeidsemne der du har funne ut at optimal skjerehastigheit er 200 m/min, og verktøyet bestemmer at spindelen skal rotere medurs, vil kommandoen til maskina bli N10 G02 G96 S200.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2022