Hopp til innhald

Fagstoff

F-kommando

Kommandoen F blir nytta for å fortelje CNC-maskina kor raskt ho skal gå inn i arbeidsemnet i løpet av ei spindelomdreiing ved dreiing eller for kvar tann som passerer arbeidsstykket ved fresing.
Roterande skjereverktøy som omarbeider eit arbeidsemne. Materetning og kuttdjupne er illustrerte med pilar. Ved sida av er det eit detaljbilete av fresehovud. Illustrasjon.

Kva er matehastigheit?

Matehastigheit blir på engelsk kalla Feedrate. Matehastigheita angir kor langt eit skjereverktøy går i akseretninga på ei spindelomdreiing eller per tann, altså kor djupt skjereverktøyet kuttar.

Matehastigheita blir angitt som avstand per minutt, då vanlegvis i mm/min eller tommar/min. For fresing blir talet angitt med matehastigheit per tann, og det er altså ulikt frå dreiing.

Val av matehastigheit varierer avhengig av kva type materiale du skjer (til dømes aluminium, stål, tre, akryl), kva type materiale det er i skjereverktøyet (hardmetall, karbid, høghastigheitsstål, keramikk og så vidare), og andre faktorar, som ønskt overflatekvalitet og kapasiteten til CNC-maskina. Matehastigheita vil òg vere avhengig av om du vel å nytte kjøling eller ikkje.

Faktorar som påverkar val av matehastigheit

For å kunne berekne og velje riktig matehastigheit, er det viktig å ta omsyn til følgande punkt:

Verktøy

Fireskjers pinnefres. Illustrasjon.

Kva type verktøy som du bør bruke som skjereverktøy, er avhengig av kva materiale du skal skjere i. Du må velje riktig skjereverktøy for den enkelte jobben. CNC-maskinene er ofte sette opp med eit grovverktøy og eit finverktøy. Desse har ulike eigenskapar og er berekna for ulik matehastigheit.

Det er vanlegvis angitt ei optimal matehastigheit for ulike materiale for dei enkelte verktøya.

Ønskt overflateruheit

Verktøy samansett av mange små metallflater som angir overflateruheit i samsvar med ein standard. Foto.

Overflatas ruheit er avhengig av matehastigheita og aukar med aukande matehastigheit. For å få ei fin overflate er det då viktig at matehastigheita er lågare på siste kutt. Dei fleste CNC-maskiner har mogelegheit til å setje ei eiga matehastigheit for grovtilarbeiding (roughing) og fintilarbeiding (finishing).

Spindelkrafta til CNC-maskina

Det er viktig at du ikkje nyttar større matehastigheit enn det maskina di kan levere, sjølv om utrekningar og tabellar beskriv ein høgare verdi.

Viss du vel å bruke større matehastigheit enn det maskina toler, vil det føre til unormalt stor slitasje på maskina. Samtidig kan du få ujamn gonge på maskina, med tilhøyrande dårleg resultat på arbeidet.

Stabiliteten til CNC-maskina

Du må ikkje velje større matehastigheit enn det maskina og oppspenninga toler. For å redusere faren for at arbeidsemnet kan røre seg, er det viktig at du alltid spenner opp på ein sikker måte utan unødvendig overheng.

Kvaliteten og dimensjonen til arbeidsemnet

Ved lange overheng, tynne eller mjuke materiale kan arbeidsemnet bøye seg bort frå skjereverktøyet viss matehastigheita blir for høg. Dette vil føre til unøyaktig resultat og dårleg overflatekvalitet.

Kuttdjupne

Minste kuttdjupne vil vere avhengig av naseradiusen til verktøyet. Kuttdjupne lågare enn halv naseradius gir ofte dårleg resultat. På fagspråket blir det kalla spontynning (Chip Thinning). Matehastigheita må i slike tilfelle aukast for å vege opp for effekten av spontynning, både for produktiviteten og for å unngå gniding som reduserer levetida til verktøyet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2023

Læringsressursar

CNC