Inkrementell programmering - Teknologi (TP-PIN vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Inkrementell programmering

Når du skal programmere ei CNC-maskin ved hjelp av ISO-programmering, kan du gjere det på to ulike måtar. Inkrementell programmering er ein av dei.

Kva er inkrementell programmering?

For å programmere rørslene til ei CNC-maskin bruker du eit koordinatsystem. Ved såkalla absolutt programmering tek du alltid utgangspunkt i senterpunktet for koordinatsystemet når du definerer korleis maskina skal bevege seg. Slik er det ikkje ved inkrementell programmering. Her tek du utgangspunkt i punktet der maskinen faktisk står. Du set så å seie nytt nullpunkt for koordinatsystemet etter kvar rørsle, og sluttpunktet for førre rørsle fungerer som nullpunkt for programmering av neste rørsle.

Kommandoen G91 fortel maskina at du ønsker å bruke inkrementell programmering.

Døme på inkrementell programmering

La oss seie at maskina står i koordinatane X40 Y10 og skal flytte seg til koordinatane X50 Y20.

Ved inkrementell programmering bruker du då verdiane X10 Y10: Du fortel maskina at frå det punktet ho står på, skal rørsla vere 10 millimeter i X-retning og 10 millimeter i Y-retning.

Programkoden for rørsla frå P1 til P2 er G91 X10 Y10.

Oppgåve 1

Kva slags rørsle skal denne koden instruere maskina til å utføre?

N01 G02 G91

N02 X0 Y20

N03 X20 Y0

N04 X0 Y-20

N05 X-20 Y0

Svar

Maskina skal teikne, skjere eller bevege seg rundt eit kvadrat med sider på 20 millimeter.

Oppgåve 2

Du skal no programmere ei verktøybane med rekkefølga A–B–C–D–E–F–A som vist i illustrasjonen, og du skal bruke inkrementell programmering.

Hugs at du står i punkt A ved oppstart, og pass på å skilje mellom positive og negative koordinatverdiar.

Du kan skrive koden heilt på eiga hand, eller du kan prøve deg på den interaktive øvinga nedanfor. Her drar du kodar og koordinatar i rett rekkefølge inn i dei tomme boksane til venstre.

Relatert innhald

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2024