I-kommando - Teknologi (TP-PIN vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

I-kommando

Kommandoen "I" blir brukt ved programmering av CNC for å setje senter av ein boge der det er avstand frå starten av bogen til senter av bogen i X-aksen.
Forklaring av figuren

Figuren viser ein sirkulær boge moturs. Senter i bogen er markert med eit origoteikn. Bogen i figuren kan programmerast med denne koden:

  • Linjenummer: N100

  • Sirkulær rørsle mot urvisaren: G03

  • X-koordinat P2: X2

  • Y-koordinat P2: Y4

  • Avstand frå P1 til senter i bogen i X-retning: I–3

Programmering med I-kommando

For å programmere ein boge i ein G-kode er det vanlegast å oppgi startpunktet og sluttpunktet til bogen, i tillegg til å oppgi radius eller senterpunktet til bogen, origo.

For å oppgi senterpunktet til bogen eller sirkelen må du bruke kommandoane I, J og K. Kommandoen I beskriv avstanden frå bogens startpunkt til senterpunktet til bogen langs X-aksen.

Koordinatar for I-kommando

Her må du ta utgangspunkt i koordinatane for startpunktet til bogen og finne avstanden frå dette punktet til senterpunktet på bogen. Denne verdien kan vere både positiv og negativ, avhengig av om senterpunktet er til venstre eller til høgre for startpunktet. Viss senterpunktet er til venstre for startpunktet, blir I-kommandoen negativ, men viss senterpunktet er til høgre for startpunktet, blir verdien positiv.

CNC-maskina reknar då sjølv ut radiusen til bogen når ho kalkulerer verktøybanen.

Kommandoen blir spesielt brukt viss ein ikkje har faste punkt som start eller stopp for ei kurve, eksempelvis viss ei kurve går over i ei ny kurve der maskina sjølv bereknar konturen og verktøybanen.

Kontrollspørsmål

Klarer du å velje riktig programlinje for verktøybanane i illustrasjonane?

Relatert innhald

Fagstoff
J-kommando

Bruk av kommandoen J ved programmering av ein G-kode for bruk i ein CNC-styrt maskin.

Fagstoff
K-kommando

K-kommando blir brukt ved programmering av sirkulær rørsle på ei CNC-styrt maskin.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2023