Hopp til innhald

Fagstoff

G-kommando

G-kommando blir brukt ved programmering av CNC-styrte maskiner.

G-koden beskriv i hovudsak rørsla til maskina, til dømes hurtig rørsle, lineær rørsle, sirkulær rørsle eller kva offsetverdi du vil nytte.

Beteningspanel med skjerm for ein CNC-styrt dreiebenk. Skjermen viser ei simulering av ein dreieoperasjon, og det er knappar og tastatur for å programmere. Foto.

Kva er G-kommando?

G-kommandoar instruerer CNC-maskina til å gå på ein bestemd måte, til dømes i ei rett linje eller ein boge. G-kommandoane må vere følgde av koordinatar slik at maskina òg veit kvar ho skal røre seg.

For ei komplett oversikt over kva G-kommandoar maskina di nyttar, må du slå opp i instruksjonsmanualen til maskina.

Varigheita til G-kommandoen

Når du instruerer maskina med ein G-kommando, varer denne instruksjonen fram til du gir maskina ein ny G-kommando.

Dette betyr at viss du nyttar G-kommando G01 som angir rettlinja rørsle, går CNC-maskina rettlinja mellom alle etterfølgande koordinatar fram til ho får ein annan instruksjon.

Kommandoen G00 over ei pil mot høgre. Illustrasjon.

G00 = hurtig rørsle til ny koordinat

Hurtig rørsle blir nytta til å flytte til nye koordinatar for å begynne å kutte eller for å gå tilbake til verktøykarusellen for å byte verktøy. Denne kommandoen blir berre nytta når verktøyet ikkje er i kontakt med arbeidsstykket.

Ved bruk av G00 rører maskina seg så hurtig ho kan, mellom punkta.

Kommandoen G01 over ei pil mot høgre. Illustrasjon.

G01 = lineær rørsle til ny koordinat

Denne kommandoen blir nytta til skjereoperasjonar. Farten maskina skal røre seg med, blir angitt med kommandoen F, matehastigheit.


G02 = sirkulær rørsle til ny koordinat, medurs

Kommandoen G02 inne i ein sirkelpil med urvisaren. Illustrasjon.

Rørsle med rotasjonsretninga til klokka for sirkulære verktøybanar. Du angir endepunktet i bogen med koordinatar.

Saman med endekoordinatene må du fortelje CNC-maskina kva radius bogen skal ha, eller angi koordinatar for senter i sirkelbogen.

Farten maskina skal røre seg med, blir angitt med kommandoen F, matehastigheit.


Kommandoen G03 inne i ein sirkelpil mot urvisaren. Illustrasjon.

G03 = sirkulær rørsle til ny koordinat, moturs

Rørsle mot rotasjonsretninga til klokka for sirkulære verktøybanar. Du angir endepunktet i bogen med koordinatar.

Saman med endekoordinatene må du fortelje CNC-maskina kva radius bogen skal ha, eller angi koordinatar for senter i sirkelbogen.

Farten maskina skal røre seg med, blir angitt med kommandoen F, matehastigheit.

Koordinatsystem

G90 = absolutte koordinatar

Viss du bruker G90 som koordinatsystem, vil punkta dine alltid vere punkt i koordinatsystemet og forhalde seg til nullpunktet i koordinatsystemet.

G91 = inkrementelle koordinatar

Viss du vil programmere med G91, fortel du CNC-maskina korleis ho skal gå i koordinatsystemet i forhold til kvar ho står til kvar tid.

Forflytting i koordinatsystem: G90 og G91

Her er eit døme på kode for å flytte seg mellom punkta P1 og P5. Sjå spesielt på X- og Y-koordinatane i dei enkelte programlinjene.

Koordinatsystem med fem punkt med følgande koordinatar: P1 (X0, Y0), P2 (X0, Y2), P3 (X2, Y2), P4 (X1, Y4) og P5 (X4, Y5). Illustrasjon.

G90: absolutt koordinatsystem

  • N05 G01 (rettlinja rørsle)

  • N10 X0 Y0 (start i P1)

  • N20 X0 Y1 (P1 til P2)

  • N30 X2 Y2 (P2 til P3)

  • N40 X1 Y4 (P3 til P4)

  • N50 X4 Y5 (P4 til P5)

G91: inkrementelt koordinatsystem

  • N05 G01 (rettlinja rørsle)

  • N10 X0 Y0 (start P1)

  • N20 X0 Y1 (P1 til P2)

  • N30 X2 Y1 (P2 til P3)

  • N40 X-1 Y2 (P3 til P4)

  • N50 X3 Y1 (P4 til P5)

Kontrollspørsmål

I denne oppgåva skal du dra dei ulike G-kommandoane inn i riktig setning.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2023

Læringsressursar

CNC