Grunnleggande G-koding for fresing - Teknologi (TP-PIN vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Grunnleggande G-koding for fresing

Det finst ein del G-kodar som gir maskina grunnleggande og heilt nødvendige beskjedar. Vi skal no sjå på dei viktigaste kodelinjene som finst i alle programma.

Dei viktigaste kodane og kodelinjene

Når du skal lage eit program for ein CNC-fres, er det nokre kodelinjer som alltid må vere med for at maskina skal produsere den delen du ønsker. Det er kodelinjene som gir maskina grunnleggande beskjedar om

  • funksjonane som skal aktiverast

  • retninga og farta spindelen skal rotere i

  • kor raskt maskina skal bevege seg

  • kva for plan og koordinatsystem ho skal nytte

Vi skal no sjå på ein enkel programkode og forklare dei enkelte kodelinjene.

Døme på programkode

N10 O

N20 M06 T01

N30 M03 S2000

N40 G54 G00 G90 G17

N50 X0 Y0

N60 G43 H01 Z1 M08

N70 G01 F50 Z.1

N80 (Programmering av konturen med X-, Y-og Z-koordinatar)

N1000 G00 Z10

N1010 M30

Blokknummer: N

Bokstaven N i kombinasjon med eit tal er . Dette nummeret angir kva programlinje du programmerer.

Det kan vere smart å velje blokknummerintervall på til dømes 10 mellom linjene. Då har du rom for å legge inn nokre ekstra linjer om du vil endre programmet i ettertid.

Programnamn: N10 O

Det er alltid lurt å gi programmet eit namn, sjølv om det ikkje er påkravd i alle maskiner. Her er det viktig at du kjenner eiga maskin og veit kva nemning namnelinja skal ha.

Maskinleverandørane HAAS og Fagor til dømes bruker bokstaven O for å markere at det som følger, er namnet. Då veit maskina at programnamnet står på denne linja.

Verktøyskift: N20 M06 T01

M06

Kommandoen gir maskina beskjed om at verktøyskift skal aktiverast.

T01

Kommandoen T01 fortel maskina at ho skal hente verktøyet som står i posisjon 1 i verktøymagasinet.

Oppstart spindel: N30 M03 S2000

M03

Før du kan frese, må du starte spindelen. Det gjer du med kommandoen M03 () eller M04 (). Retninga spindelen skal rotere i, avheng av verktøyet du har valt.

S2000

For å starte spindelen krev maskina at du angir turtalet ho skal rotere med. Det gjer du med kommandoen S og eit tal som oppgir omdreiingar per minutt. Kommandoen S2000 fortel maskina at ho skal rotere med 2 000 omdreiingar i minuttet.

Turtalet er avhengig av materialet du jobbar med, og skjereverktøyet du nyttar.

Hurtigmating, programmeringsmåte, plan: N40 G54 G00 G90 G17

G54

For at maskina skal vite kvar skjereeggen på verktøyet er, nyttar du offsetverdien til verktøyet. Offsetverdien er avstanden frå eit referansepunkt til skjereeggen på verktøyet. Maskina kan ha fleire register med offsetverdiar, men det er vanlegast å bruke register G54.

G00

For å få ei mest mogleg effektiv maskinering flyttar du skjereverktøyet raskt til programnullpunktet. Det gjer du ved å aktivere hurtigmating med G00.

G90

Maskina treng òg å vite korleis ho skal tolke koordinatverdiane for verktøybana. Derfor må vi angi om vi har brukt absolutt eller inkrementell programmering. Det vanlege er at vi nyttar absolutt programmering. Då definerer vi alle punkta i bana til skjereverktøyet ut frå nullpunktet i koordinatsystemet. Dette gjer vi med kommando G90.

G17

Vi må også fortelje maskina kva plan ho skal jobbe i. Ved fresing med ein vanleg fres er det som oftast XY-planet, noko du angir med kommandoen G17.

Flytting til programnullpunktet: N50 X0 Y0

Du er no klar til å gjennomføre den første rørsla til maskina. Det vanlegaste er då å køyre maskina og skjereverktøyet til programnullpunktet, altså X0 og Y0.

Sidan du allereie har aktivert hurtigmating, skjer denne rørsla med høg fart.

Verktøyval, plassering og kjøling: N60 G43 H01 Z1 M08

G43

Du har allereie fortalt maskina at ho skal bruke verktøyregister G54. No må du fortelje ho at ho skal hente ut og nytte ein verdi frå registeret. Det gjer du med kommandoen G43.

H01

Med kommandoen H01 fortel du maskina at ho skal nytte verdien som ligg lagra på plass H01. Det vanlegaste er at verktøynummer og offsetnummer har lik nummerering, til dømes at offsetverdi på verktøy 7 er lagra på H07.

Z1

Du gir så maskina beskjed om at verktøyet skal bevege seg i Z-aksen ned mot arbeidsstykket. Med kommandoen Z1 fortel du at maskina skal plassere skjereverktøyet 1 mm over arbeidsstykket.

M08

No er det like før maskina skal begynne å jobbe, og du aktiverer kjøling med kommandoen M08.

Matefart: N70 G01 F50 Z.1

G01

Du har no plassert skjereverktøyet så nær arbeidsstykket at du vil kontrollere farta maskina bevegar seg med. Då aktiverer du matefarta med kommandoen G01.

F50

Når du nyttar kommandoen G01, krev maskina at du også fortel ho kor raskt ho skal bevege seg. Dette gjer du med kommandoen F saman med eit tal som angir rørsle i millimeter i minuttet. I dømet har vi angitt ei matefart på 50 mm/min.

Når du bestemmer farta, må du ta omsyn til materialet du jobbar i, og skjereverktøyet du nyttar.

Kontur

Du har no gitt maskina den grunnleggande informasjonen ho treng for å kunne starte å frese den konturen eller det mønsteret du ønsker.

Verktøybana programmerer du ved hjelp av koordinatsystemet. Du definerer punkta som maskina beveger seg mellom, og avgjer om rørslene til maskina skal vere rettlinja eller sirkulære.

Flytting av verktøyet: N1000 G00 Z10

N1000

Blokknummeret N1000 i dømet er fiktivt. Du kan velje eit fortløpande nummer som kjem naturleg etter programlinja som angir siste linje i konturen.

G00 og Z10

Maskina er no ferdig med å frese det mønsteret eller den konturen du har programmert, og du vil avslutte programmet. Før du gjer det, må du flytte verktøyet bort frå arbeidsstykket.

Her kan du gi maskina beskjed om å flytte seg raskt. Det gjer du ved å bruke kommando G00 og velje ein Z-verdi som er over arbeidsstykket. Vel du verdien Z10, flyttar du verktøyet 10 mm over arbeidsstykket.

Det er viktig at du flyttar verktøyet bort frå arbeidsstykket til sikker avstand ved å angi ein verdi i Z-retning. Ikkje vel X-eller Y-retning, dette kan valde ein kollisjon mellom verktøy og arbeidsstykke.

Avslutning: N1010

Du har no køyrt gjennom programmet og flytta skereverktøyet til ein sikker posisjon. For å få maskina til å avslutte programkøyringa er det vanlegast å nytte kommando .

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2024