T-kommando - Teknologi (TP-PIN vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

T-kommando

T-kommando bruker vi ved ISO-programmering av ei CNC-styrt maskin. Kommandoen fortel maskina kva verktøy ho skal nytte. T står for det engelske ordet tool, altså verktøy.

Slik fungerer T-kommando

Du nyttar T-kommando for å velje verktøyet CNC-maskina skal bruke. T-kommandoen er sett saman av bokstaven T og eit tal, der talet angir plassen i verktøymagasinet der verktøyet er parkert. Eit døme på ein slik kommando kan vere T08. Då gir du maskina beskjed om å gå til magasinet og byte til verktøy nr. 8.

Verktøymagasinet

Verktøymagasinet er haldaren der ulike skjereverktøy er plasserte på ei CNC-styrt maskin. Nokre maskiner er utstyrte med enkle magasin med to til fire verktøy, medan andre maskiner kan ha store verktøymagasin med over hundre verktøy.

Montering av verktøy i magasinet

Når du monterer eit nytt verktøy i karusellen, må du også programmere CNC-maskina og legge inn informasjon om kva slags verktøy det er. I tillegg må du registrere kor stort verktøyet er, og du må sørge for at verktøyet blir nullstilt. Viss du programmerer nullpunktet til verktøyet, veit maskina til kvar tid kvar verktøyet er i forhold til nullpunktet til arbeidsemnet og programmet.

Programmering av nye verktøy kan vere ulik frå maskin til maskin, og det er derfor viktig at du nyttar instruksjonsmanualen til CNC-maskina til denne typen programmering.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2023