Hopp til innhald

Fagstoff

CAM

Forkortinga CAM står for computer aided machining, som kan omsettast med datastøtta maskinering. CAM-programvare blir nytta til å køyre ei datasimulering av ein G-kode eller eit NC-program på ei CNC-styrt maskin.
Ein avlang mekanisk komponent av metall, med fleire hol og ein lagetapp, saman med ei digitalisert teikning av same delen. Kollasj som består av fotografi og illustrasjon.

Kva er CAM?

CAM (computer-aided machining) bruker vi for å simulere produksjonen av ei datateikning () eller eit ISO-program i ei datasimulert CNC-styrt maskin. CAM og datastøtta design (CAD) blir brukt på mange skular for å simulere og kvalitetssikre 3D-teikningar og ISO-program.

Bruksområde

Ved bruk av CAM kan du simulere ein produksjonsprosess på datamaskina di. Du treng då ei eiga CAM-programvare og ei 3D-teikning eller eit NC- eller ISO-program av den delen du skal produsere.

Det finst mange ulike typar CAM-programvare. Nokre er heilt enkle og viser deg berre og sluttprodukt. Andre utgåver viser deg ei detaljert simulering av nøyaktig den maskina, det verktøyet og den oppspenninga du skal nytte. For å få best mogleg resultat er du avhengig av å ha ein animert simuleringsmodell av CNC-maskina du skal bruke til å produsere delen. I simuleringsmodellen ligg tekniske data for maskin og verktøy programmert og gir ei heilt detaljert visning. Med slik programvare kan du også få testa ut eventuelle kollisjonar eller andre problem som kan oppstå.

Fordelen med å bruke CAM før du tek teikninga di ut i produksjon, er at du kan optimalisere produksjonsprosessen, forbetre verktøybanar og få meir presise dimensjonar på arbeidsemnet. Dermed kan du minimere avfall og redusere energiforbruket.

Post-prosessor

Simulatormodeller av to CNC-maskiner, som blir nytta i CAM-simulering. Dataprogrammet får informasjon om det fysiske målet til maskinene slik at det kan kontrollere om ei planlagd arbeidsoppgåve kan utførast utan kollisjonar eller skar. Illustrasjon.

Ein post-prosessor er ei datafil som illustrerer den fysiske maskina du skal jobbe på, og der alle mål og dimensjonar er definerte. CAM-programvara bruker då desse dataa for å avklare om det er fysisk mogleg å produsere delen i maskina di. Den sjekkar også om programmet ditt inneheld feil som gjer at maskin og arbeidsemne kan kollidere, eller som kan ska arbeidsemnet eller maskina på andre vis.

Døme på CAM

Det er stor forskjell på kor avanserte simuleringar som kan gjennomførast i ulike maskiner. Vi ser på nokre døme på ulike visningar og program for CAM-simulering av CNC-fresing.

Simulering av ein fres som freser på eit arbeidsstykke. Piler og strekar viser korleis maskina går langs mange ulike aksar. Illustrasjon.

Døme 1

Maskina simulerer ein freseoperasjon som jobbar i mange aksar og plan.

Simuleringsprogrammet synleggjer verktøybanane som små, tynne strekar i ulike fargar. Fargane representerer ulike kommandoar.

Ei simulering av ein CNC-fres som freser eit blomstermønster i eit arbeidsstykke. Bevegelsen til CNC-fresen er merkt med strekar, der grøn strek er fresing, som har kommando G01, og lilla strek er hurtigmating, som har kommando G00. Skjermbilete.

Døme 2

Døme 2 er ei simulering av ein CNC-fres som freser eit blomstermønster i eit arbeidsstykke.

Bevegelsen til CNC-fresen er framstilt ved hjelp av strekar, der grøne strekar markerer fresing med kommando G01, medan lilla strekar markerer hurtigmating i friluft med kommando G00.

Ei simulering av ein CNC-fres som freser eit arbeidsemne. Arbeidsemnet er ein rund lagerhaldar med eit g-delt nav. Verktøybanen er skissert med blå strek for fresing, som har kommando G01, grøn strek for overgang mellom fresing og hurtigmating, og gul strek for hurtigmating, som har kommando G00. Skjermbilete.

Døme 3

Døme 3 er ei simulering av verktøybanen for fresing av ein rund lagerhaldar med eit g-delt nav.

Fresing av den runde profilen er oppgitt med blå farge, grøn strek markerer bevegelse inn mot arbeidsemnet og gul strek markerer hurtig bevegelse i friluft.

Ei simulering av ein CNC-fres som freser eit ovalt mønster i eit arbeidsstykke. Simuleringsprogrammet viser konturane av arbeidsemnet både sett ovanfrå og sett frå sida. I tillegg lagar programmet ei visning som viser verktøybanane. Programmet viser også eit simulert beteningspanel med start og stopp, kjøling av/på, og koordinatverdiar som viser kvar og kor djupt i arbeidsemnet det blir frest. Skjermbilete.

Døme 4

Døme fire er ein enkel versjon av ein CNC-simulator. Det er ikkje lagt inn noka spesifikk maskin, simulatoren viser berre verktøybanar og maskinbevegelsar ved fresing av eit ovalt mønster i eit arbeidsstykke.

Simuleringsprogrammet viser konturane av arbeidsemnet både sett ovanfrå og sett frå sida. I tillegg lagar programmet ein illustrasjon som viser verktøybanane, og det viser eit simulert beteningspanel med start og stopp, kjøling av/på, og koordinatverdiar for kvar fresen er og kor djupt i arbeidsemnet han freser.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2023

Læringsressursar

CNC