Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

G-kode for rekkert: radiuskommando

Du har analysert den tekniske teikninga for rekkerten du skal lage, og har funne koordinatane for start og slutt på rørslene. No skal du programmere ein G-kode for fresing av rekkerten. Sirkulære rørsler skal du kode ved å bruke radius.
3D-modell av ein rekkert. Han har lilla handtak og åttekanta, svart plate. Foto.

G-kode og aksar

G-kode er eit standardisert programmeringsspråk for bruk på mellom anna CNC-maskiner. Koden består av kommandoar som angir om maskina skal gjennomføre ei rettlinja eller sirkulær rørsle, og kommandoar som aktiverer eller deaktiverer funksjonane til maskina. I tillegg må koden innehalde koordinatane til punktet maskina skal bevege seg til.

Vi programmerer rørsla til fresen ved å angi koordinatar i X-og Y-aksen. I tillegg bruker vi Z-koordinaten for å angi kor djupt maskina skal frese. Maskina jobbar altså i tre dimensjonar.

Når vi er i gang med å frese ut rekkerten, er fresedjupna den same gjennom heile prosessen. Derfor må vi først og fremst programmere X-og Y-koordinatane. Z-verdien forandrar seg ikkje.

Programmeringsverktøy

Skal du skrive ein G-kode, treng du berre eit enkelt tekstbehandlingsprogram som kan lagre fila som ei txt-fil. Dei aller fleste simulatorane og maskinene les txt-filer, og du kan vanlegvis overføre fila frå pc-en din til maskina via nett eller USB-pinne. Viss maskina ikkje les txt-filer, må du programmere direkte på skjermen til maskina.

Grunnleggande kode

CNC-fresen må ha nokre grunnleggande kodelinjer for å kunne fungere. Viss du ikkje kjenner til desse kodane, kan du lese meir om dei i ein eigen artikkel:

Relatert innhald

Grunnleggande kode for fresing av rekkert

N10 O (programnamn)

N20 M06 T01

N30 M03 S2000

N40 G54 G00 G90 G17

N50 X0 Y0

N60 G43 H01 Z1 M08

N70 G01 F50 Z.1

.......

FRESEBANE: kodelinjer med koordinatar og rørslemønster

.......

N1000 G00 Z10

N1010 G00 X0 Y0

N1020 M30

Teknisk teikning av bordtennisrekkert med åttekanta plate og avrunda kantar. Langs rekkertkonturen er det teikna inn 22 nummererte koordinatpunkt. Koordinatpunkta angir start-og stoppunkt for lineære og sirkulære rørsler som maskina skal gjere for å frese ut rekkerten. Startpunktet er midt på toppen av rekkertplata, og nummereringa går moturs. Det siste koordinatpunktet, nr. 22, er identisk med koordinatpunkt 1. Når fresen kjem til koordinatpunkt 22, er heile rekkerten frest ut. Illustrasjon.

Programmering av kontur

Når vi skal frese eit mønster, må vi fortelje CNC-maskina kva koordinatar ho skal flytte seg mellom, om rørsla skal vere rettlinja eller bogeforma, og om ho skal vere rask eller langsam.

Rørsla til fresen blir til slutt eit mønster, ein . Konturen er grunnlaget for verktøybanen til CNC-maskina.

Koordinatpunkt

Til denne oppgåva har vi allereie målsett alle koordinatpunkta. Du finn måla i filvedlegget nedanfor.

Filer

Nokre forklaringar til koden

Vi forklarer her berre programmeringa av dei første linjene i koden for konturen slik at du får ei forståing for korleis du skal programmere vidare.

Rørsle frå maskinnullpunkt til programnullpunkt

Først må vi bevege skjereverktøyet til programnullpunktet. Dette punktet er i nedre venstre hjørne av arbeidsemnet og har koordinatane X0 Y0. Vi bruker kommandoen G00 fordi vi vil flytte skjereverktøyet raskt. Samtidig kan vi flytte det til ein sikker avstand over arbeidsemnet, til dømes 10 millimeter. Då blir Z-verdien Z10. Det gir denne kodelinja:

  • G00 X0 Y0 Z10

Vi kan så flytte skjereverktøyet ned mot arbeidsemnet, men for å vere sikker på at det ikkje skjer nokon kollisjon, gjer vi dette med kontrollert fart og bruker kommandoen G01. Fordi CNC-maskina er veldig nøyaktig, er det nok å stoppe 0,1 mm over arbeidsemnet. Koden blir då:

  • G01 Z0.1

Rørsle frå programnullpunkt til rett over startpunkt

Vi vil at rørsla frå programnullpunkt til rett over startpunkt skal vere ei rettlinja rørsle, for då kan maskina bevege seg med stor fart. Vi bruker G00, koden for rask rørsle. Koordinatane maskina skal flytte seg til, er X76 Y0. Høgda over arbeidsemnet skal framleis vere den same, derfor treng vi ikkje forandre Z-koordinaten. Kodelinja blir slik:

  • G00 X76 Y0

Rørsle ned i materialet

Skjereverktøyet er no 0,1 mm over startpunktet for programmet, som er punkt 1 på teikninga. Når maskina skal begynne å skjere, må vi justere farten etter materiale og verktøy og må derfor bruke kode G01.

Det er koordinatverdien på Z-aksen som avgjer kor langt fresen skal bevege seg ned i materialet. Z-verdiane for rørsle ned i materialet er negative verdiar. Både fresedjupna vi ønsker oss, og materialtjukna har noko å seie for koordinatverdien vi må velje. I dette dømet har vi sett fresedjupna til 4 mm. Z-verdien blir då –4, og kodelinja blir som følger:

  • G01 Z-4

Rørsle frå punkt 1 til punkt 2

Frå punkt 1 til punkt 2 skal det vere ei rettlinja rørsle med styrt fart. Vi nyttar då G01. Punktet vi skal bevege oss til, har koordinatane X107.4 Y0. Skjeredjupna er framleis den same. Kodelinja ser då slik ut:

  • G01 X107.4 Y0

Rørsle frå punkt 2 til punkt 3

Rørsla frå punkt 2 til punkt 3 er ei sirkulær rørsle. Ho går , det vil seie i motsett retning av klokkevisarane. Vi må då bruke kommandoen G03 og oppgi koordinatane som bogen sluttar i. Desse koordinatane er X117.53 og Y5.58. Vi oppgir også kva radius bogen skal ha. På arbeidsteikninga nedanfor er alle radiusane lagde inn. For punkt 2 er radiusen 12 mm, og koden blir då R12:

  • G03 X117.53 Y5.58 R12

Teknisk teikning som viser den eine halvdelen av ein bordtennisrekkert. Radiusmåla som trengst for å programmere bogerørslene til fresen, er teikna inn.  Radiusen nedst på rekkertskaftet er 6 mm. Ved overgangen mellom skaft og plate er han 22 mm, og ved dei tre resterande koordinatpunkta rundt rekkertplata er han 12 mm. Illustrasjon.

Rørsle frå punkt 3 til punkt 4

Vi har no programmert ein boge frå punkt 2 til punkt 3. Frå punkt 3 til punkt 4 skal vi ha ei ny rettlinja rørsle. G-kommandoen for rettlinja rørsle er G01, og vi skal bruke koordinatane til sluttpunktet for den rettlinja rørsla, X149.54 og Y56.12. Det gir denne kodelinja:

  • G01 X149.54 Y56.12

Rørsle frå punkt 4 til punkt 5

Mellom punkt 4 og 5 blir det på nytt ei moturs sirkulær rørsle. Derfor bruker vi kommandoen G03. Sluttpunktet på bogen er punkt 5 på teikninga. Vi skriv koordinatane for sluttpunktet inn i koden. Radiusen er oppgitt med 12 mm i arbeidsteikninga. Han står oppført sist på kodelinja:

  • G03 X151.23 Y64.53 R12

Rørsle frå punkt 8 til punkt 9

Vi hoppar no direkte til neste sirkulære rørsle, som er frå punkt 8 til punkt 9. Her går bogen motsett veg, altså . Då må vi velje G-kommando G02. Vi bruker koordinatane for sluttpunktet på bogen på same måte som før, og radiusen er no 22 mm. Det gir denne kodelinja:

  • G02 X89.63 Y182.54 R22

Hald fram med å programmere

No har du fått ei innføring i korleis du skal skrive koden, og du kan halde fram med alle andre punkta i konturen.

Ver spesielt merksam på dei sirkulære rørslene, og sjekk nøye om dei går medurs eller moturs.

Løysingsforslag

Dette er eit forslag til løysing. Forslaget er berre testkøyrt i simulator.

N20 M06 T01

N30 M03 S2000

N40 G54 G00 G90 G17

N50 X0 Y0

N60 G43 H01 Z1 M08

N70 G01 F500 Z.1

N100 G00 X76 Y0

N105 G01 Z-10

N110 G01 X107.4 Y0

N120 G03 X117.53 Y5.58 R12

N130 G01 X149.54 Y56.12

N140 G03 X151.23 Y64.53 R12

N150 G01 X139.87 Y131.86

N160 G03 X134.65 Y139.87 R12

N170 G01 X99.48 Y163.08

N180 G02 X89.63 Y182.54 R22

N190 G01 X93.24 Y254.81

N200 G03 X88.19 Y261.04 R6

N210 G03 X63.81 Y261.04 R77.56

N220 G03 X58.76 Y254.81 R6

N230 G01 X62.37 Y182.54

N240 G02 X52.52 Y163.08 R22

N250 G01 X17.35 Y139.87

N260 G03 X12.13 Y131.86 R12

N270 G01 X0.77 Y64.53

N280 G03 X2.46 Y56.12 R12

N290 G01 X34.47 Y5.58

N300 G03 X44.6 Y0 R12

N310 G01 X76 Y0

N320 G00 Z2

N1000 G00 X0 Y0 Z10

N1010 G00 X0 Y0

N1020 M30

Tenk over

  • Korleis vil programkoden bli dersom du vel å programmere konturen motsett, altså ?

  • Kva for G-kodar må då forandrast saman med koordinatane?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2024

Læringsressursar

CNC