Hopp til innhald

Fagstoff

Absolutt programmering

Når du skal programmere ei CNC-maskin, kan du velje mellom to ulike metodar. Absolutt programmering er ein av dei.

Kva er absolutt programmering?

Absolutt programmering tek alltid utgangspunkt i eit fast nullpunkt i koordinatsystemet, og punkta du programmerer maskina med, er dei reelle punkta i koordinatsystemet.

På dei fleste maskinene kan du velje nullpunkt for koordinatsystemet, og det vanlegaste er at nullpunktet blir sett i eit hjørne av arbeidsemnet. Du angir så kvar i koordinatsystemet du ønsker at maskina skal bevege seg, og maskina kalkulerer avstanden sjølv.

G-kommando

Viss du ønsker å bruke absolutt programmering, fortel du dette til CNC-maskina med kommandoen G90. Maskina tek då alltid utgangspunkt i punktet du har angitt som X0, Y0 (og eventuelt Z0).

Døme

Koordinatsystem med aksane X og Y. Det er teikna inn to punkt i systemet. Punkt 1 har verdien X 40 Y 10. Punkt 2 har verdien X 50 Y 20. Illustrasjon.

La oss seie at maskina står i koordinatane X40 Y10 og skal flytte seg til koordinatane X50 Y20.

Koden du då må programmere, vil vere X50 Y20. Du fortel altså maskina at punktet ho skal bevege seg til, har koordinatane X50 og Y20. Då har du teke utgangspunkt i senterpunktet i koordinatsystemet for å definere punktet maskina skal flytte seg til.

Programkoden for bevegelse frå P1 til P2 er G90 X50 Y20.

Oppgåve 1

Kva trur du denne koden fortel maskina at ho skal produsere?

N01 G90

N02 X0 Y20

N02 X20 Y20

N03 X20 Y0

N04 X0 Y0

Svar

Eit kvadrat med sider på 20 millimeter

Oppgåve 2

Koordinatsystem der verktøybana til ei maskin er teikna inn. Verktøybana har seks stoppunkt, A, B, C, D, E, F. Punkt A er senterpunktet for koordinatsystemet. Punkt B har koordinatane X 20 Y 0. Punkt C har koordinatane X 20 Y 20. Punkt D har koordinatane X 10 Y 20. Punkt E har koordinatane X 10 Y 10. Punkt F har koordinatane X 0 Y 10.

Du skal no programmere ei verktøybane med rekkefølga A–B–C–D–E–F–A slik ho er vist i illustrasjonen, og du skal bruke absolutt programmering. Hugs at du står i punkt A ved oppstart, og pass på å skilje mellom positive og negative koordinatverdiar.

Du kan skrive koden heilt på eiga hand, eller du kan prøve deg på den interaktive øvinga nedanfor. Her drar du kodar og koordinatar i rett rekkefølge inn i dei tomme boksane til venstre.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2024

Læringsressursar

CNC