Hopp til innhald

Fagstoff

H-kommando

H-kommandoen bruker vi for å fortelje CNC-maskina kva dimensjon og tekniske data verktøyet som skal nyttast, har.
Illustrasjon som viser ein pinnefres montert i ein verktøyhaldar for bruk på ein CNC-fres. Dimensjonane til verktøyet og verktøyhaldaren er målsett og gitt nemningar.

Offsetverdi

Offsetverdi er ei nemning for kva lengde og dimensjon verktøyet som er valt, har. Avstanden frå referansepunktet til CNC-maskina til spissen på skjereeggen må vi programmere inn. Denne verdien må programmerast for kvart enkelt verktøy og skal lagrast i arkivet til CNC-maskina.

Kvifor bruke offsetverdi?

CNC-maskina har eit fast punkt på enden av spindelen (fres) eller på verktøyhaldaren (dreiebenk) som er nullpunkt for den aksen verktøyet beveger seg i. Ved å angi ein offsetverdi vil du fortelje CNC-maskina kor lang avstand det er mellom dette nullpunktet og skjereeggen på verktøyet i eksempelvis Z- og X-retning. CNC-maskina bruker då denne verdien når ho lagar verktøybanane, altså lagar planen for korleis maskina skal røre seg.

Talet som blir nytta saman med H-verdien, er vanlegvis assosiert med verktøynummeret, det vil seie at verktøy 2 vil ha verktøylengda si lagra i H2-verdiblokka i lagringsminnet til CNC-maskina.

H-verdien er alltid positiv, så han vil kompensere posisjonen til Z-aksen i positiv retning og flytte maskina den nøyaktige lengda på verktøyet bort frå arbeidsstykket.

Bruk av fleire verktøy betyr at Z-nullpunktet må setjast til framsida av spindelen utan å ha noko verktøy lasta inn.

Angi offsetverdi saman med verktøyval

Det finst òg ein enklare metode for å angi offsetverdi knytt til eit verktøy. Dei fleste CNC-maskiner aksepterer at H-kommandoen kan innlemmast i T-kommandoen ved val av verktøy.

Dersom du ønsker å nytte verktøy 2 og offsetverdi 2, kan du angi dette på to ulike måtar:

  • metode 1: N100 T02 H02 (programlinje 100, hent verktøy 2, og bruk offsetverdi lagra i H02)

  • metode 2: N100 T0202 (programlinje 100, vel verktøy 2, og bruk offsetverdi lagra i H02)

I metode 2 forstår CNC-maskina at du vel verktøy 2, og ønsker å hente offsetverdien som ligg lagra på minneplassen H02.

Programmering av verdiar

Dei ulike maskinprodusentane kan ha ulike metodar for å legge inn parametrar for offsetverdiar. Kva verdiar som må leggast inn, er likevel relativt standardisert, og du kan trykke på biletet under for å få ei forklaring på kva desse verdiane betyr.

Dei fleste moderne CNC-maskiner har i dag digitale testprobar som blir brukte for å berekne desse verdiane. Ved bruk av desse probane monterer ein verktøyet, set maskina i læringsmodus og beveger maskina slik at verktøyet rører ved testproben. Maskina lagrar då automatisk riktig verdi i lagringsminnet for riktig verktøy.

Ein del maskiner har òg automatiske prosedyrar for å overvake offsetverdien på verktøya, der maskina med fastsette intervall testar verktøyet mot ein testprobe for å kontrollere eventuelle slitasjar på verktøyet. Ved liten slitasje vil verdien bli oppdatert, og ved stor slitasje vil det komme varsel om skifte av verktøy.

Foto av dreieverktøy i ei CNC-maskin som rører ved ein sensor for å lagre verdiar om storleiken og plasseringa til verktøyet.

Offsetverdiar for freseverktøy

Illustrasjonen under viser eit døme på korleis du kan definere storleikar og dimensjonar for freseverktøyet.

Som du ser på illustrasjonen, har freseverktøyet ein offsetverdi i Z-aksen, og det er diameteren som bestemmer offsetverdi i X- og Y-aksen.

Her er det valt ein flat endefres som er plassert i verktøyposisjon 1. Fresen er av ein type utan utskiftbare hardmetallskjer og har diameter 25 millimeter. Skjereeggen er 121 millimeter nedanfor nullpunktet til maskina.

Offsetverdiar for dreiestål

Her ser du eit dreiestål som består av ein verktøyhaldar og eit utskiftbart hardmetallskjer.

Som du ser på illustrasjonen, har dreieverktøyet ein offsetverdi i både Z- og X-aksen.

G-kommandoar for bruk av offsetverdi

Når du skal programmere ein G-kode der du ønsker at maskina skal bruke offsetverdi, må dette aktiverast ved å nytte ulike G-kommandoar.

G43 – positiv offsetverdi

G43 er den mest brukte kommandoen for å aktivere bruk av verktøylengdekompensasjon, altså offsetverdi.

Denne kommandoen vil bli etterfølgd av ein "H"-verdi for å fortelje CNC-maskina kva lagra verdi ho skal bruke. H-verdinummeret er vanlegvis assosiert med verktøynummeret, det vil seie at verktøy 2 vil ha verktøylengda si lagra i H2-verdiblokka på minnet til CNC-maskina.

Ei eksempellinje med kode vil sjå slik ut: G43 T2 H2.

Denne linja vil hente verktøy 2 og aktivere offsetverdien som ligg lagra i verdien H2. Det er då viktig at H2-verdien blei riktig programmert av operatøren då verktøyet blei montert.

H-verdiane er alle positive, så maskina vil kompensere posisjonen til Z-aksen i positiv retning og flytte seg den nøyaktige lengda på verktøyet bort frå arbeidsstykket.

Bruk av fleire verktøy betyr at Z-nullpunktet må setjast til framsida av spindelen utan å ha noko verktøy lasta inn.

G44 – negativ offsetverdi

Denne kommandoen har den same funksjonen som G43, men skal brukast i dei tilfella der du har eit verktøy som ved montering får ein negativ offsetverdi.

I vanleg produksjon har alle verktøy positiv offsetverdi, og du vil derfor ikkje ha behov for å bruke denne kommandoen.

G49 – opphev offsetverdi

Når du har brukt G43 eller G44 og angitt ein offsetverdi, må du for å nullstille CNC-maskina angi G49 for å oppheve offsetverdien.

Offsetverdien kan òg nullstillast ved å bruke kommandoen H00 eller M30.

Døme på kode med G43/G44

N170 T02 M06 (aktiver verktøyskift, hent verktøy 6)

N180 G90 G54 G00 X50 Y50 Z50 S800 (absolutte koordinatar, aktiver nullpunktforflytting, hurtig forflytting, koordinatar, spindelhastigheit 800 o/min)

N190 G43 H02 Z5 M08 (bruk offsetverdi, hent verdi frå H2, rørsle til Z5, start kjøling)

N200 G01 Z-10 F50 (lineær rørsle, beveg til Z-10, matehastigheit 50 m/min)

N210 X100 Y100 (beveg til koordinat X100 Y100)

N220 Z10 (beveg til koordinat Z10)

N230 G49 (opphev offsetverdi)

N240 M30 (avslutt programmet)

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2023

Læringsressursar

CNC