Blokknummerering - Teknologi (TP-PIN vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Blokknummerering

Ved ISO-programmering av ei CNC-styrt maskin bruker du blokknummerering på kvar linje. Slik blir programmet oversiktleg og lett å kontrollere.

ISO-programmering

Eit ISO-program for ei CNC-maskin er bygd opp av linjer med kodar og kommandoar. Kodelinjene blir på fagspråket kalla for blokkar. For å skape god oversikt og struktur i programmet bruker du eit blokknummer føre kvar enkelt blokk. Blokknummeret startar med bokstaven N og eit valfritt tal i stigande rekkefølge utover i programmet. Ei blokk kan bestå av ein enkel kommando, til dømes eit verktøyskift, eller ho kan innehalde fleire ulike kommandoar og gi maskina ein samla kommando ho skal utføre.

Døme på samansett blokk

N60 M03 S1500 M08 G01 X220 Y110 M09 M05

Denne blokka instruerer maskina på følgande måte: Dette er blokk nummer 60. Start spindel og hald fram med rotasjon. Bruk turtal 1500 o/min. Start kjøling og hald fram med prosessen. Gjer ei lineær rørsle til punkt X220 Y110 i koordinatsystemet. Skru av kjøling. Stopp spindel.

Som du ser, kan du samle mange kommandoar i ei blokk. Men du kan også velje å dele opp kommandoane i mange små blokkar. Den samansette blokken frå dømet vårt kan også skrivast slik:

  • N60 M03 (Blokk nummer 60. Start spindel. Turtal 1500 o/min)

  • N61 M08 (Start kjøling)

  • N62 G01 X220 Y111 (Lineær rørsle til punkt X220 Y110)

  • N63 M09 (Skru av kjøling)

  • N64 M05 (Stopp spindel)

Struktur

Når du skal programmere, vel du sjølv kva intervall du vil nytte saman med bokstaven N. Eit tips her er å velje intervall på 5 eller 10. Det kan nemleg hende at du vil forbetre programmet etter at du har prøvd det ut, og det er enklare å legge inn ekstra kommandolinjer om det finst nokre ledige linjer mellom blokkene. Viss du til dømes vel eit intervall på 10, altså N10, N20, N30 osb., vil du kunne legge inn 9 ekstra linjer med kode mellom kvar blokk om det skulle bli nødvendig.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2023