Hopp til innhald

Fagstoff

ISO-programmering

For programmering av ei CNC-styrt maskin er det utvikla eit standardisert kodespråk som dei fleste maskiner forstår. Programmering med dette språket blir kalla ISO-programmering.
Metallarbeidar opererer ei CNC-fresemaskin. Foto.

Kva betyr ISO-programmering?

ISO-programmering nyttar eit sett med standardiserte kodar som dei aller fleste maskinprodusentane tek omsyn til. At desse kodane er standardiserte, betyr at programmet du lagar, kan brukast på fleire ulike maskiner. Standarden som omhandlar denne typen programmering, heiter ISO6983.

Sjølve programmet blir bygde opp av eit kodespråk saman med ein posisjon i eit koordinatsystem.

Bokstavkommandoar

Bokstavkommandoane er vanlegvis sette saman av bokstavane G, M, T, S og F, men kan i enkelte tilfelle òg innehalde bokstavane H og D.

For nærare informasjon om kva dei enkelte bokstavane betyr, sjå under relatert innhald.

Bokstavkommandoar
Bokstavkommandoer

Bokstav

Funksjon

N

Blokknummer

G

Førebuande kommandoar

XKoordinatverdi i X-retning
YKoordinatverdi i Y-retning
ZKoordinatverdi i Z-retning
ISenter for sirkel eller boge i X-retning
JSenter for sirkel eller boge i Y-retning
KSenter for sirkel eller boge i Z-retning
FMating
SSpindelturtal
TVerktøy
MHjelpefunksjonar

Koordinatar

På eit tre-aksa system er koordinatane bygde opp rundt koordinataksane X, Y og Z. Ei CNC-maskin med fleire enn tre aksar har koordinatsystem med fleire nemningar.

Det er to ulike metodar som kan brukast til programmering av koordinatsystema, og det er viktig at du fortel CNC-maskina kva type du nyttar i programmeringa di. Desse to metodane blir kalla absolutt og inkrementell programmering.

Sjå under relatert innhald for å få nærare informasjon om dei ulike metodane.

Ein fres med eit arbeidsstykke, der nullpunkta M, W og R er plasserte. M står for maskinnullpunkt, W står for programnullpunkt og nullpunktet til arbeidsemnet, mens R står for referansenullpunktet. Illustrasjon.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2022

Læringsressursar

CNC