Hopp til innhald

Fagstoff

D-kommando

D-kommandoen har ulik funksjon på ein dreiebenk og ein fres. D-kommandoen blir brukt for å gi CNC-maskina informasjon om å nytte diameteren til verktøyet som radiuskompensasjon ved fresing i ein CNC-fres, mens han angir kuttdjupne i diameter for ein dreiebenk.
Illustrasjon som viser to arbeidsemne som blir freste med og utan kommando G 42 for verktøykompensasjon. Illustrasjonen viser at det blir storleiksforskjell på sluttproduktet viss du ikkje kompenserer for diameteren til verktøyet, men tek utgangspunkt i senterpunktet i verktøyet.

D-kommando

D-kommandoen blir brukt til programmering av G-kode for både fres og dreiebenk. Det som er litt spesielt, er at kommandoen har ulik betydning for dei ulike maskinene.

For begge maskinene angir kommandoen D diameter. På ein fres angir kommandoen at maskina skal nytte diameteren til verktøyet for verktøykompensasjon, mens på ein dreiebenk angir kommandoen D kor mykje diameteren skal reduserast for kvart kutt, altså kuttdjupna.

Kva funksjon D-kommandoen beskriv, avheng av kva G-kommando han står saman med.

D-kommando ved fresing

Når du programmerer ein G-kode for å få CNC-fresen til å frese i arbeidsstykket ditt, angir du den dimensjonen du ønsker at sluttproduktet skal ha.

CNC-maskina kodar då ein som blir oppskrifta til maskina på korleis do skal bevege seg.

Verktøyet til CNC-fresen har ein diameter som vil påverke korleis dimensjonane på sluttproduktet vil bli, dersom du ikkje fortel CNC-fresen i programmet korleis han skal kompensere for diameteren til verktøyet. Dette blir gjort ved at du fortel CNC-fresen at verktøyet har ein spesifikk diameter, og verktøybanen blir korrigert tilsvarande, slik at verktøybanen flyttar seg til kuttflata til verktøyet.

Illustrasjon som viser verktøykompensasjon ved bruk av G-kommandoane G 40, G 41 og G 42. Illustrasjonen viser kva kode som skal brukast for å kompensere for verktøystorleik i ein verktøybane, både medurs og moturs.

Dersom du bruker D-kommandoen for å angi verktøykompensasjon, vel CNC-maskina å bruke diameteren til verktøyet som referanseverdi. Dersom du ikkje bruker D-kommandoen, vil CNC-fresen bruke radiusen til verktøyet som referanse.

Ved fresing må du velje om verktøykompensasjonen skal angi at skjereflata er på høgre eller på venstre side av verktøybanen ved å nytte kommandoane G41 og G42. Verktøykompensasjon blir avslutta når du bruker kommandoen G40.

Illustrasjon som viser eit dreiestål som skal dreie ned eit arbeidsemne, og deler opp arbeidsoperasjonen i fleire små kutt, som blir nemnde med kommandoen D.

D-kommando ved dreiing

Kommandoen D blir nytta ved dreiing til å angi kuttdjupne. Du angir her kor mykje av diameteren til arbeidsemnet du ønsker å fjerne ved kvart kutt.

Verdien skal alltid vere eit positivt tal, og CNC-maskina kalkulerer då kor mange kutt som må til for å oppnå riktig sluttdiameter.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2023

Læringsressursar

CNC