Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Praterobot i arbeid med fagtekst

Jobb med innleiinga og eit avsnitt til ein fagtekst med hjelp frå ein praterobot. Bli einige om ei fagleg problemstilling, finn kjelder om temaet og generer tekstar med ein praterobot. Dokumenter arbeidsprosessen undervegs.
Ei dame og ein mann som står ved sida av ei stor datamaskin og les på ein papirstrimmel som kjem ut av datamaskina. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om oppgåva

I arbeidet med oppgåva skal de hente støtte i ein praterobot i startarbeidet med ein fagtekst.

  • De jobbar to og to.

  • De leverer ei innleiing og eit avsnitt til ein fagtekst.

  • De leverer dokumentasjon på arbeidet de har gjort.

Til læraren

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk til dømes NDLA sin praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA.

1. Set opp eit dokument

Opprett eit dokument med to overskrifter/delar: "Del 1: Fagtekst" og "Del 2: Dokumentasjon".

  • Del 1 skal innehalde byrjinga på sjølve fagteksten de skal skrive. Start med å skrive ned kva hovudtemaet for fagteksten er.

  • I del 2 skal de vise korleis de har arbeidt med kjelder og tekstar som er genererte med praterobot.

2. Få starthjelp av ein praterobot

Bruk denne serien med leietekstar som starthjelp til arbeid med fagteksten.

  1. "Kan du liste opp undertema til [valt hovudtema]?"

  2. "Gi ei enkel oppsummering av [valt undertema] i fem setningar."

  3. "Formuler tre ulike problemstillingar innanfor [...]."

  4. "Kan du gi meg tre sentrale fagomgrep eg må bruke for å drøfte problemstillinga [...]?"

  5. "Kan du foreslå ein disposisjon til ein fagtekst som tek utgangspunkt i problemstillinga [...]

  6. "Kva er det viktig å tenke på når eg skal skrive ein fagtekst med utgangspunkt i problemstillinga [...]?"

Kopier svara frå prateroboten og skriv dei inn under "Del 2: Dokumentasjon".

3. Vel ei problemstilling

I den første delen, "Del 1: Fagtekst", legg de inn ei problemstilling de har valt og reformulert med utgangspunkt i svara frå prateroboten. Skriv ein introduksjon til problemstillinga òg. Kvifor er dette ei relevant og interessant problemstilling å diskutere i ein fagtekst?

4. Finn relevant informasjon i ulike kjelder

  1. Finn relevante kjelder for problemstillinga de har valt, til dømes i artiklar frå Store norske leksikon og NDLA eller i ei lærebok. Utøv kjeldekritikk (sjå i boksen nedanfor).

  2. Plukk ut relevant innhald frå kjeldene. Kva er nyttig innhald, kva kan de ikkje bruke? Skriv om med egne ord eller klipp ut direkte sitat. Legg dette inn under"Del 2: Dokumentasjon".

  3. Skriv òg ned referansane til kjeldene, både omformuleringar og direkte sitat. (Direkte sitat skal stå i hermeteikn.)

Utøv kjeldekritikk (TONE)
  • Truverdig: Er kjelda sikker?
  • Objektiv: Er kjelda nøytral?
  • Nøyaktig: Finn du slurv og juks i kjelda?
  • Eigna: Finn du dei svara du treng?
Hjelp til kjeldeføring

Format for leksikonartiklar på nettet

Artikkelforfattar(ar). (år, dato). Tittelen på artikkelen: Undertittel. I Leksikontittelen i kursiv. Lenke.

Format for nettsider

Etternamnet til forfattaren, A. A. (år, dato). Tittel i kursiv. Namnet på nettstaden. Lenke.

Format for lærebok

Etternamn til forfattar, A. A., Etternamn til forfattar, B. B. … & Etternamn til forfattar, T. T. (år). Tittel i kursiv (utg.). Forlag.

(Dersom boka er første utgiving, kan du sjå bort frå utgåveinformasjon.)

5. Generer tekst med praterobotar

  1. Ta utgangspunkt i problemstillinga de har valt. Begge i gruppa skriv leietekstar i kvar sin praterobot om

    • å lage innleiinga til ein fagtekst som handlar om denne problemstillinga

    • å skrive eit avsnitt til ein fagtekst med utgangspunkt i problemstillinga

  2. Legg leietekstar de har skrive til praterobotane, og svara de har fått tilbake, inn under "Del 2: Dokumentasjon".

  3. Samanlikn svara frå praterobotane og vurder kva for nokre av dei de skal bruke vidare. Kva er nyttig innhald, og kva skal de ikkje bruke?

  4. Diskuter i grupper og i klassen: Korleis kan vi bruke praterobotsvara som hjelp til vårt eige skrivearbeid? Kva er nyttig, og kva er mindre nyttig?

6. Skriv innleiing og avsnitt

  1. Presenter problemstillinga i innleiinga.

  2. Bruk svara frå prateroboten og kjeldene de har funne, i arbeidet med å skrive innleiinga og avsnittet dykkar.

  3. Merk tekst som er heilt dykkar eigen, med ein farge, tekst frå prateroboten med ein annan farge og tekst frå kjeldeinnhald med ein tredje farge.

Tips til korleis ein skriv eit avsnitt
  • Start med ei temasetning om kva avsnittet skal handle om.

  • Utdjup temaet i avsnittet med to eller tre setningar.

  • Skriv ei eller to setningar til, dette er det sentrale innhaldet for avsnittet, her ligg gjerne innhaldet frå kjelder.

  • Skriv ei avslutningssetning, og få eventuelt med ein overgang til neste avsnitt.

7. Lever fagtekst og dokumentasjon

  • Skriv under "Del 2: Dokumentasjon" om korleis de har brukt kjelder og svara frå praterobotane, og grunngi vala de har teke.

  • Hugs å føre opp bruk av praterobot som kjelde. Slik fører de til dømes NDLAs praterobot Elevhjelparen i kjeldelista etter APA 7:

    Azure OpenAI. (2023). NDLA praterobot: Elevhjelp (9. oktober versjon) [Stor språkmodell GPT-3.5 Turbo]. NDLA. https://ndla.no/minndla

Kjelder

Kildekompasset. (2024, 4. januar). Artikkel i oppslagsverk: leksikon, ordbok o.l. https://kildekompasset.no/references/artikler-i-oppslagsverk-leksika-ordboker-o-l-3/

Kildekompasset. (2024, 4. januar). Bok med 3–20 forfattere. https://kildekompasset.no/references/bok-med-3-20-forfattere/

Kildekompasset. (2023, 8. mai). Kunstig intelligens (ChatGPT, Writesonic mfl.). https://kildekompasset.no/references/kunstig-intelligens-chatgpt-writesonic-m-fl/

Relatert innhald

Du må tenke på roller, presist språk, kontekst, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar leietekstar for å generere tekst frå praterobotar.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge, Julie Bjørnstad, Siren Halvorsen og Ragnfrid Myhr.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2024

Læringsressursar

Skriving i mediefag