Hopp til innhald

Fagstoff

Lag eit portrettintervju: førebuingsfasen

Du skal skrive eit digitalt portrettintervju med ein person som kan knytast til ei aktuell sak i nyheitsbiletet. Her får du tips til korleis du kan førebu portrettintervjuet.
Ein mann med sikspens og eit lurt smil ser inn i kameraet gjennom eit forstørringsglas, slik at det eine auget hans blir komisk stort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne læringsressursen gir deg råd og tips til korleis du kan løyse denne oppgåva:

1) Gjer research, oppsøk ulike kjelder

«Research» er det arbeidet du gjer før intervjuet. Målet er å vere mest mogleg førebudd slik at du kan stille gode spørsmål.

  • Research på internett: Bruk 15 minutt på å finne ut mest mogleg om intervjuobjektet ditt ved å bruke internett. Du kan til dømes sjekke ut sosiale medium som Instagram, Facebook og TikTok, og du kan søkje på namnet til intervjuobjektet i ein søkjemotor.

  • Ver varsam med sensitiv informasjon: Dersom du finn informasjon som kan setje intervjuobjektet i eit dårleg lys, eller som er av privat karakter, må du vere varsam. Opplys, avklar og bli einig med intervjuobjektet om korleis du skal handtere slik informasjon.

  • Oppsøk nære kjende av intervjuobjektet: Familie, venner og kollegaer kan gi god informasjon om personen du skal intervjue. Det er nemleg ved å oppsøkje mange ulike kjelder du kan få brei informasjon om intervjuobjektet ditt. Målet med portrettintervjuet er å gå i djupna og gi publikum ny kunnskap om personen. Skriv ned eller ta opp det kjeldene dine seier, med mobiltelefonen.

2) Lag gode intervjuspørsmål

Gode spørsmål er viktig for å få til både eit spennande intervju og eit godt sluttprodukt. Men kva kjenneteiknar gode spørsmål?


  • Lag spørsmål som er opne. Det vil seie at du ikkje skal stille ja/nei-spørsmål, men spørsmål der intervjuobjekt kan utdjupe kva ho eller han meiner.

  • Ta utgangspunkt i det du fann ut i researchen: Til dømes: «Alle seier at du er ein snill gut, men har du nokon ‘slemme' sider òg?»

  • Lag mange spørsmål! Det er betre å ha med for mange spørsmål enn for få. Då kan du heller sløyfe dei du meiner er mindre relevante, om tida blir for knapp.

  • Hugs å avklare om det er i orden for intervjuobjektet, dersom du vil ta bilete og/eller gjere opptak.


CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2021

Læringsressursar

Skriving i mediefag