Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn. Det gjeld også skuledemokratiet. I dette oppdraget skal du løfte fram saker som er viktige for den enkelte eleven på skulen din, i eit digitalt skulemagasin som kombinerer tekst, lyd, stillbilete og video.

 

Læringsmål

Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du

  • kjenne til og kunne nytte viktige prinsipp for journalistisk arbeid
  • forstå korleis du vinklar ei sak for å treffe ei aktuell målgruppe
  • kunne planleggje og gjennomføre ein arbeidsprosess frå idémyldring til ferdig publisert produkt
  • kunne nytte opptaksutstyr og programvare til å produsere ulike medieuttrykk med god teknisk kvalitet i rett format
  • vise at du kan tilpasse deg ein fastsett deadline
  • forstå korleis media kan påverke samfunnsdebatten og det utfallet ei sak får