Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Digitalt skulemagasin

Fagartikkel

Ver Varsam-plakaten om media si samfunnsrolle

Første punktet i Ver Varsam-plakaten fortel oss at «ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati», og at «ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn».

Ver Varsam-plakaten

Ver Varsam-plakaten er rett og slett ei kort oppsummering av kva som er pressa si samfunnsrolle, der det er pressa som «tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk», og at «pressa har eit særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk».

1 Samfunnsrolla til pressa
1.1 Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.
1.2 Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.
1.3 Pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkjefridommen og innsynsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene. Avtalar om eksklusiv formidling av arrangement skal ikkje vere til hinder for fri informasjonsformidling.
1.4 Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller si samfunnsrolle.
1.5 Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.

Kjelde: Ver Varsam-plakaten

Tenkjepause

Med eit slikt ansvar følgjer også makt. Men korleis tek pressa vare på makta si i praksis?

Sjå videoen til medielærer Joacim Laberg.

  • Synst du redaksjonen tek vare på samfunnsrolla si?
  • Kva sak ville du ha valt å setje i fokus?
CC BY-SA 4.0Skrive av Grethe Melby.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018