Introduksjon
Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn. Det gjeld også skuledemokratiet. I dette oppdraget skal du løfte fram saker som er viktige for den enkelte eleven på skulen din, i eit digitalt skulemagasin som kombinerer tekst, lyd, stillbilete og video.
Læringsmål
Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du
- kjenne til og kunne nytte viktige prinsipp for journalistisk arbeid
- forstå korleis du vinklar ei sak for å treffe ei aktuell målgruppe
- kunne planleggje og gjennomføre ein arbeidsprosess frå idémyldring til ferdig publisert produkt
- kunne nytte opptaksutstyr og programvare til å produsere ulike medieuttrykk med god teknisk kvalitet i rett format
- vise at du kan tilpasse deg ein fastsett deadline
- forstå korleis media kan påverke samfunnsdebatten og det utfallet ei sak får