Hopp til innhald

Fagstoff

Kreativ og dokumentarisk skriving

God kjeldebruk og val av presise ord og uttrykksmåtar er særleg viktig ved dokumentarisk skriving. I kreativ skriving må du først og fremst jobbe med verkemiddel og forteljeteknikkar.
Kvinne skriv på den berbare datamaskina si mens bokstavar flyg rundt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dokumentarisk skriving

  • Fakta og sanning står i sentrum når du skriv dokumentarisk. Dokumentarisk betyr at innhaldet baserer seg på verkelegheita, at påstandar er sanne. Tenk på verbet “dokumentere”, som betyr å bevise at det du påstår er sant.
  • Føremålet med dokumentarisk skriving er å formidle noko som er sant om verkelegheita.
  • Døme er reportasjar, nyheitssaker, kommentarar og offentlege informasjonssider på nett. Leksikonartiklar, faktabøker, biografiar og forskingsrapportar er andre døme. Når du skriv fagtekstar på skulen, skriv du dokumentarisk. Du søkjer etter kjelder, behandlar dei kjeldekritisk og bruker dei som grunnlag for skrivearbeidet ditt.
  • Særlege utfordringar i denne sjangeren er å velje presise ord og uttrykksmåtar. Det viktigaste er at lesaren forstår det som blir formidla så riktig så mogleg. Det skal ikkje skapast mistydingar eller forvrengte sanningar og verkelegheitsbilete.

Kreativ skriving

  • Kreativ skriving spring ut av arbeid med idéar eller kreative øvingar. At noko er kreativt, betyr at det er skapt i nokon sitt oppfinnsame hovud. Det kan vere fantasi frå ende til anna, eller det kan vere ei beskriving av noko verkelig, der opplevinga av teksten er viktigare enn ei presis førestilling om det sanne.
  • Føremålet med kreativ skriving er å gi opplevingar og påverke følelsar hos lesaren. Det kan sjølvsagt også vere å få utløp for idéar og følelsar hos den som skriv.
  • Døme på kreativ skriving er manus, reklametekstar, songtekstar og romanar.
  • Utfordringa i kreativ skriving er å bruke verkemiddel som treff lesaren. Humoristiske verkemiddel skal helst gjere teksten morosam. Eit filmmanus må ha ein hovudperson som publikum får eit forhold til. Eit slagord bør treffe målgruppa.

Kreativ og dokumentarisk skriving

Mange sjangrar kombinerer kreativ og dokumentarisk skriving. I manuset til ein dokumentarisk film eller ein reportasje vil det som regel vere innslag av kreative verkemiddel. Skriv du godt dokumentarisk, bruker du kreativiteten din til å beskrive verkelegheita på ein levande måte.

I kreative sjangrar blir dokumentariske metodar brukte i research, og fakta kan brukast som verkemiddel for å skape truverdige historier og knyte dei til verkelegheita.

Relatert innhald

Fakta, direkte sitat og indirekte sitat er sentrale element i ein nyheitsartikkel. Når du gjer ferdig brødteksten, arbeider du med å få flyt mellom desse.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Tønnesen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Skriving i mediefag