Egenvurdering
Eigenvurdering for emnet skriving i mediefag
Sjekk kva du har fått med deg i vg2-emnet om skriving i mediefaget.
Om du kjenner deg igjen i alle påstandane nedanfor, har du studert emnet godt.
- Du forstår at skriving er ein viktig del av mediefaget, og at vi bruker skriving til mykje ulikt på linja medium og kommunikasjon.
- Du ser verdien av å utvikle skriveferdigheiter. Du ser at det kan styrkje arbeidet ditt med planlegging, utforming, produksjon, dokumentasjon og presentasjon i mediefaga.
- Du forstår at ein skriveprosess er ein produksjonsprosess med fleire fasar.
- Du har samskrive og/eller samarbeidd om å produsere tekstar med andre.
- Du har jobba med språkarbeid, som å skrive variert og lage skildringar med god rettskriving.
- Du har skrive tekstar til ulike mediesjangrar og til ulike målgrupper.
- Du har produsert ulikt tekstinnhald for skjerm og brukt ulike program for å setje saman ei digital historie.
- Du veit meir om korleis du kan kommunisere skriftleg både til interne og eksterne samarbeidspartnarar og/eller oppdragsgivarar.
- Du har fått øving i å skrive fagartiklar og nyheitssaker.
Fagomgrep | ||
---|---|---|
Språklege verkemiddel | Forteljeteknikk | Kommunikasjon |
Spissing | Reportasje | Fagartikkel |
Sjanger | Samskrive | Nyheitsartikkel |
Skriveprosess | Digital historie | Idéutvikling |
Brødtekst | Vinkling |