Hopp til innhald

Fagstoff

Pressas sjølvjustis og Ver Varsam-plakaten

Norske medium har sjølve ansvar for det som blir publisert. Pressa sine eigne etiske reglar er nedfelt i Ver Varsam-plakaten. Dei som bryt med desse reglane, kan få påtale av Pressas faglege utval.
Gut med lommelykt som lyser på forskjellige aviser. Illustrasjon.

Pressas sjølvjustis

Heilt sidan 1800-talet har norske medium hatt ei fri stilling i høve til statlege myndigheiter. Det er også eit viktig prinsipp at heller ikkje dei som eig mediebedriftene, skal blande seg inn i den redaksjonelle verksemda. Norske medium blir styrte etter det som blir kalla den sosialt ansvarlege pressemodellen, der pressa har ei fri stilling, men underkastar seg ein presseetisk sjølvjustis.

Truverdet til media er avhengig av eit klart skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame eller sponsing. Publikum skal vere trygge på at det redaksjonelle stoffet spring ut av ei sjølvstendig og uavhengig journalistisk vurdering, og at innhald og presentasjon er utan bindingar til utanforståande interesser.

Ver Varsam-plakaten

Ver Varsam-plakaten er vedteken av Norsk Presseforbund og inneheld eit etisk regelverk som pressa har laga sjølv. Plakaten er delt inn i fire hovudområde:

1. Pressa si samfunnsrolle

Her finst dei reglane som seier noko om kva rolle ei fri presse skal ha i samfunnet. Det blir slått fast at pressa har viktige oppgåver når det gjeld å forsvare demokratiet gjennom å sleppe fram ulike meiningar.

Viktig er også pressa sin rett til å belyse kritikkverdige forhold i samfunnet. Granskinga journalistar gjer av politiske prosessar, gjer at vi ofte kallar pressa «den fjerde statsmakta».

2. Pressa sin integritet og ansvar

I dette avsnittet finn du dei reglane som presiserer at pressa er uavhengig av andre makthavarar i samfunnet, anten det er politikarar, politi eller private interesser.

Det blir også sagt at journalistar sjølve har eit ansvar for å bevare integriteten sin slik at pressa si uavhengigheit ikkje kan trekkjast i tvil.

Tilhøvet mellom reklame og redaksjonelt stoff finn du i paragrafane 2.6, 2.7 og 2.8.

3. Journalistisk åtferd og forhold til kjeldene

Her finn du reglar om korleis ein journalist skal forholde seg til kjeldene sine. Det er viktig å merke seg at ei kjelde har krav på vern mot andre som kan tenkje seg å skade kjelda på nokon måte. Det vil seie at ei kjelde sine opplysningar til ein journalist som hovudregel ikkje skal kunne utleverast til andre.

Journalisten må også kunne vurdere truverdet til kjeldene og har eit spesielt ansvar overfor kjelder som kanskje ikkje er klar over verknaden av det dei seier.

4. Publiseringsreglar

Denne siste delen av Ver Varsam-plakaten handlar om kva reglar som skal følgjast når stoff blir publisert.

Reglane for korleis kriminalitet blir omtalt i pressa, er viktige for personvernet. Korleis sjølvmord blir omtalt, finn du i 4.9. Her blir det også sagt mykje om bruk av bilete, og spesielt bilete som er manipulerte. Det finst i dag mange måtar å få eit bilete til å ljuge på!

Den siste paragrafen skal setje reglar for innlegg i diskusjonsforum på nettstader og kva ansvar ein redaktør har her.

Redaktørplakaten

Redaktørplakaten er laga av Norsk Redaktørforening. Han inneheld ei beskriving av redaktøren sine plikter og rettar. Redaktørplakaten slår fast at den ansvarshavande redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet.

CC BY-SASkrive av Stein Vegard Olaussen, Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2018

Læringsressursar

Skriving i mediefag