Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skriv ei nyheitssak om russefeiring

Har du planar om å feire russetida? Det er lange tradisjonar for russefeiring i Noreg. Avgangselevar markerer på ulike måtar at skulegangen er over. I denne oppgåva skal du prøve deg som journalist og skrive ei nyheitssak om russefeiring.


Ei rekkje avgangselevar sit på ein lang benk. Biletet er skore til slik at vi ser russebuksene deira, som er raude og dekorerte med store kvite og gullfarga bokstavar og ulike strykemerke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Journalistisk arbeidsoppdrag

Du har fått i oppdrag å skrive ei nyheitssak der du tek for deg temaet russefeiring. Saka skal publiserast på nettsida til skuleavisa.

Du vel sjølv vinkling på saka. Ho skal ha tittel, ingress, brødtekst og bilete med bilettekst. Du må intervjue minst to intervjuobjekt til denne saka.

Framgangsmåte

1) Førebuing

  • Gjer research. Gå inn på ulike nettaviser og oppdater deg på siste nytt om temaet russefeiring i Noreg. Studer sakene – korleis er dei presenterte? Sjå på tittel, ingress, oppbygninga av teksten og biletbruken.
  • Set deg inn i fagstoffet den journalistiske arbeidsprosessen.
  • Her får du tips til korleis du kan skrive nyheitssaker, titlar og ingressar.

2) Gjennomføring

  • Vel vinkling på nettsaka di. Her er nokre døme på innfallsvinklar: «utsetjing av russefeiring til etter eksamen», «finansiering av russebussar», «russ og fråvær», «russ og rus».

  • Gjer avtale med intervjuobjekta.
  • Førebu opne og relevante intervjuspørsmål.
  • Gjennomfør intervjua, og ta bilete.
  • Skriv ut nyheitssaka. Bruk skrivemodellen den omvende pyramiden.
  • Varier mellom direkte og indirekte tale. Hugs at tittel, ingress og bilete skal skape interesse og fortelje kva saka handlar om.

  • Vinklinga skal gå som ein raud tråd gjennom saka.

  • Gjer saka publiseringsklar for nett.

3) Kvalitetssjekk

Jobb saman med ein medelev, og les kvarandre sine nyheitssaker. Gi kvarandre deretter konstruktive tilbakemeldingar. Bruk desse punkta som hjelp:

  • Skaper tittel og ingress interesse, og stemmer tittel og ingress med vinklinga i saka?

  • Fungerer bilete og bilettekst godt saman med tittel og ingress?

  • Går vinklinga som ein raud tråd gjennom teksten, eller har han sidespor som ikkje handlar om vinklinga?

  • Er skrivemodellen «den omvende pyramiden» tydeleg?

  • Varierer teksten mellom direkte og indirekte tale, og er det god flyt i språket?

  • Opplyser intervjuobjekta saka på ein god måte?

  • Er saka publiseringsklar for nett?

Gjer endringar i nyheitssaka om det trengst, og avtal innlevering med læraren.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021

Læringsressursar

Skriving i mediefag