Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv ei nyheitssak

Skriv ein nyheitsartikkel steg-for-steg.
Hand på tastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1 Skriv ein tittel

Viss du slit med å komme i gang, skriv ned dei tre viktigaste stikkorda for vinklinga di og jobb ut frå dei.

2 Skriv ein ingress

Hugs at også denne kan endrast fleire gonger undervegs, men at det å skrive ein ingress tidleg i arbeidsprosessen vil hjelpe deg med både å bestemme vinkling og å spisse ho.

Slit du med ingressen, kan du godt skrive ei litt lang setning utan å tenkje på kva for ord du bruker, og så heller korte han ned etter kvart.

3 Vis ingress og tittel til ein klassekompis

  • Forstår klassekompisen din kva saka handlar om?
  • Får ho eller han lyst til å vite endå meir om saka?

Om ikkje, må du jobbe meir med både tittel og ingress før du går vidare.

4 Start arbeidet med brødteksten

Du skal så skrive dei to første avsnitta av brødteksten. Som du sikkert hugsar, skal ein nyheitsartikkel strukturerast etter den omvende pyramiden eller trekanten for fallande viktigheit, som i praksis vil seie at du skal starte med det viktigaste og avslutte med det som er mindre viktig.

Dei to–tre første avsnitta, i tillegg til tittel og ingress, kan du sjå på som toppen av trekanten, og altså tenkje at her skal alt vere viktig og heilt i tråd med den spissa vinklinga di.

5 Gjer ferdig brødteksten

Du må komme med noko nytt i teksten. Har du hatt mest fokus på fakta så langt, få inn nokre sitat. Har du hatt mest fokus på sitat, få inn meir fakta. Har du late ei kjelde få snakke mykje, så la ei anna snakke no.

Vi kan godt tenkje at du her er ved midten av trekanten. Du skal framleis halde deg til vinklinga, men akkurat den spissinga du skulle halde deg til i tittel/ingress/starten av brødteksten, kan du løyse litt på no.

Ta avsnitt for avsnitt. Når du er ferdig med ei kjelde, går du over på neste. Når du er ferdig med eitt poeng, går du over til neste, og så vidare. Pass berre på å skrive ein overgang mellom avsnitta.

Hugs å veksle mellom fakta, indirekte sitat og direkte sitat.

Mange er uroa for ikkje å skrive langt nok, men ikkje tenk på lengde no! Din jobb er ikkje å skrive langt. Og ikkje tenk på avslutning. Ein nyheitsartikkel treng inga fancy avrunding. Du sluttar når du har skrive det som er relevant, og avsluttar enkelt og greit med eit punktum etter siste setning.

Hugs også å skrive ein kort bilettekst til kvart av bileta dine.

Sjå over teksten!

Du har no eit ferdig produkt klart. Det siste du må gjere, er å lese gjennom teksten din og sjekke tre ting:

  1. Stemmer framleis tittel og ingress med vinklinga på saka, eller skal dei endrast?
  2. Føler du at det er god flyt i språket når du les gjennom, eller skal du endre ei setning her og der? Eit triks er å lese teksten høgt for deg sjølv. Der det stoppar opp i opplesingsflyten, kan det vere lurt å gjere justeringar. Hugs at det ofte berre skal små endringar til for å løfte kvaliteten på teksten.
  3. Har du lagt til bilete, bilettekst og byline? Då er du klar og kan snakke med læraren din om publisering.
CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Skriving i mediefag