Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samskriv eit filmmanus

Sjå kortfilmen Generation Mars, og skriv fortsetjinga av historia saman med ein medelev.

I dette oppdraget skal du og ein medelev finne ut korleis det er å samarbeide i ein kreativ skriveprosess. De skal skrive eit felles utkast til eit manus som kan bli ein oppfølgjar til kortfilmen Generation Mars.

Oppdraget består av tre delar:

  1. Sjå filmen.
  2. Samskriv eit manusutkast.
  3. Presenter resultatet og reflekter.

Kvifor samskrive?

Samskriving handlar om å skrive ein felles tekst saman med ein annan. Fleire studium viser at samskriving har ein positiv effekt på skriveprosessen. I denne oppgåva kan du utforske om samskriving av eit manus gjer skrivearbeidet lettare. Før du og ein medelev går i gang med skriveprosessen, sjekk at de forstår oppgåva likt. Hugs å vere opne for kvarandre sine idear i heile skriveprosessen.

Del 1. Sjå filmen


Start med å sjå og studere kortfilmen Generation Mars (2016) av Alexander Turpin.

Del 2. Samskriv eit manusutkast

Skriv ei forteljing som startar der kortfilmen sluttar. Arbeidstittelen kan vere "Generation Mars Part II". Fortsetjinga skal skrivast som eit enkelt manus. Bruk samskrivingsverktøy som til dømes Google Docs for å dele eit skrivedokument.

Hugs å byggje opp spenninga mot eit høgdepunkt og lage ein god slutt. De kan gjerne byte synsvinkel. Det betyr at de kan ta Astrids perspektiv eller skrive ut frå tankane til foreldra eller TV-produsenten.

Treng de inspirasjon?

  • Sjå på dette innslaget frå NRKs humorserie Karl Johan ("Folkets film"). Legg merke til korleis programleiarane driv handlinga framover ved å stille konkrete spørsmål. Kan de kome vidare i skriveprosessen ved å stille kvarandre tilsvarande spørsmål? Kva skjer når ... Korleis reagerer ho? Så skjer det plutseleg noko. Kva er det? Og så vidare ...
  • Sjå kortfilmen på nytt, og studer slutten av filmen. Ha ei idémyldring der de drodlar rundt spørsmålet: Kva skjer vidare? Dersom de får lov av læraren: Gå ein tur rundt skulebygget mens de har idémyldring. Ein gåtur kan gi påfyll av kreativ energi.
  • Be andre lese gjennom det de har skrive så langt, og gi innspel og tilbakemelding

Del 3. Presentasjon og refleksjon

Del det de har skrive med andre skrivepar. Les manuset høgt for kvarandre, eller spel det ut som eit rollespel. Når alle har presentert manusa sine, kan de reflektere rundt skrivearbeidet.

  • Kva manus kunne ha vorte ein god oppfølgjarfilm til Generation Mars?
  • Kva synest de om å samskrive eit manus? Opplevde de meir kreativitet, eller betre kvalitet? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Forsking viser at samskriving som metode har ein positiv effekt på skriveprosessen. Er de samde eller usamde i den konklusjonen?
  • Kva utfordringar møtte de på undervegs i skriveprosessen?
  • Fortel kvarandre til slutt om to ting som gjekk bra og to ting som kunne ha gått betre.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2020

Læringsressursar

Skriving i mediefag