Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ei veggavis

Dopapiret er ei veggavis som skal publiserast på innsida av dodørene på skulen din. Målgruppa er tilsette og elevar ved skulen.
Veggavis i klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med oppdraget er at du skal øve deg på å bruke journalistiske arbeidsmåtar og bli medviten om nyheitskriterium, sjangrar, skrivemodellar, etiske retningslinjer og oppsett av ein enkel layout. Du får erfaring med redaksjonsarbeid frå idé til ferdig produkt i høgt tempo og med det å jobbe mot faste tidsfristar (deadlines).

De skal jobbe i grupper på tre og tre der éin i gruppa er skrivande redaktør og dei to andre er journalistar. De skal også ta bilete til eigne saker. I løpet av dei 20 timane de jobbar med prosjektet, skal kvar redaksjon publisere to aviser.

I ein verkeleg redaksjon har ofte journalistane bestemte ansvarsområde. Diskuter med læraren og klassen om kvar redaksjon bør få tildelt sitt eige saksfelt slik at ikkje mange jobbar med dei same sakene. Ein redaksjon kan for eksempel få ansvar for stoff frå eit utdanningsområde, som idrettsfag eller service og samferdsel, eller det kan vere stoff som handlar om utbyggingsplanar, skulehelsetenesta eller Den kulturelle skulesekken.

Redaktøren skal ha ansvar for koordinering av arbeidet, samstundes som han eller ho er med å skrive saker, fotografere og lage oppsettet til avisa. Alle skal publisere saker i både subjektiv og objektiv sjanger.

Krav til oppdraget

  1. Idémyldre fram kva saker de kan jobbe med. Ta gjerne ein kjapp og uformell samtale med aktuelle kjelder – kva er nytt hos dei? Kva jobbar dei med? Kva planar har de for skuleåret?
  2. Lag ei ansvarsliste og ein tidsplan basert på det de finn ut i punkt 1. Tenk dykk at veggavisa skal ha A3-format og ha plass til ein header, ei hovudsak på ca. 300 ord i punktstorleik 9 + minst eitt bilete. I tillegg skal ho ha plass til ei sidesak med bilete, ei subjektiv sak og nokre notisar. Bruk dette til å berekne tal på saker, lengd og sjanger.
  3. Set dykk inn i teoristoffet om nyheitskriterium, sjangrar, kjelder, layout og presseetikk.
  4. Intervju kjeldene dykkar. Hugs å ta bilete!
  5. Skriv sakene. Kvar elev i gruppa skal skrive minst to saker og skjere til minst eitt bilete til bruk i avisa.
  6. Diskuter deretter tekstar og bilete i samla gruppe. Kva er bra? Kva manglar? Kva må justerast? Kva kan fjernast? Finst det tekstar eller bilete i strid med punkt i Ver varsam-plakaten eller personvernlova?
  7. Set veggavisa opp i eit ståande eller liggjande A3-format. Sørg for at avisa har ein spenstig og balansert layout.
  8. Få godkjenning av læraren før de publiserer avisa på dodørene. Hugs at de skal publisere to aviser i løpet av perioden.
  9. Lag eit refleksjonsnotat som viser kva du har lært.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018

Læringsressursar

Skriving i mediefag