Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kunsten å skrive variert

Det er inga skam å bruke synonymordboka når du skal skrive kreativt. I denne oppgåva skal du øve deg på å skrive det same med ulike ord.

Oppgåve 1

Del 1

  1. I par eller grupper: Les dei to utdraga under høgt for kvarandre.
  2. Kva er forskjellen i ordval i dei to utdraga?
  3. Kva funksjon synest du ordvalet har for det korte utdraget?

Utdrag 1

Anna gjekk nedover stien medan ho tenkte på gårsdagen på nytt. - Det hadde vore så fint! Ho gjekk vidare og tenkte på det som hadde skjedd. - Han hadde endeleg lagt merke til henne. Då ho gjekk ned mot vatnet, tenkte ho: - Kanskje det blir oss?

Petter gjekk heimover medan han tenkte på gårsdagen. - Det såg ikkje ut som ho var interessert i det heile. Han gjekk vidare og tenkte på det som hadde skjedd. - Ho hadde oversett han totalt. Då han gjekk inn døra, tenkte han: - Det blir aldri oss.

Utdrag 2

Anna trava ivrig nedover stien medan ho gjennomgjekk gårsdagen på nytt. - "Det hadde vore så fint!" Ho sprada vidare og mintest det som hadde skjedd. - "Han hadde endeleg lagt merke til henne". Då ho trippa ned mot vatnet, fabulerte ho:- "Kanskje det blir oss?"

Petter luska heimover medan han grubla på gårsdagen. - "Det såg ikkje ut som ho var interessert i det heile". Han tusla vidare og funderte på det som hadde skjedd. - "Ho hadde oversett han totalt". Då han slentra molefonkent inn døra, konkluderte han:- "Det blir aldri oss".

Del 2

Vi kan systematisere ordvalet og funksjonen det har på denne måten:

Ordval og funksjon

Anna – glad og lystig

Petter – trist og lei

Kommentar

I utdrag 1

  • "Anna gjekk medan ho tenkte"
  • "Ho gjekk vidare og tenkte"
  • "Då ho gjekk ned mot vatnet, tenkte ho..."
  • "Petter gjekk heimover medan han tenkte..."
  • "Han gjekk vidare og tenkte på..."
  • "Då han gjekk inn døra, tenkte han..."

Kjedeleg og repetitivt ordval.

Lite variert språk.

I utdrag 2

  • "Anna trava ivrig nedover stien medan ho gjennomgjekk..."
  • "Ho sprada vidare og mintest...2
  • "Då ho trippa ned mot vatnet, fabulerte ho..."
  • "Petter luska heimover medan han grubla...
  • Han tusla vidare og funderte på...
  • Då han slentra molefonkent inn døra, konkluderte...

Det er valt synonym til "tenkje" og "gå".

Dette skaper eit meir variert og spennande språk.

Synonyma reflekterer i tillegg sinnstemninga til hovudpersonen.


Forklaring:

I det første utdraget er orda "gjekk" og "tenkte" brukt i kvar einaste setning. I det andre utdraget er "gjekk" og "tenkte" bytte ut med andre verb. Petter "luska", "tusla" og "slentra (molefonkent)".

Det desse verba har felles, er at dei er for "å gå", men dei beskriv sinnstemninga til hovudpersonen. Petter er trist og lei, medan Anna er glad og oppspilt. Dette reflekterer verba.

Oppgåve 2

I avsnittet under er bråkebøtta Anton og den meir stille og forsiktige Guffen beskrivne.

Byt ut det gjentakande "sa han" i avsnitta. Bruk synonym for "å seie" som får fram personlegdomen til Anton og Guffen. Og hugs at det ofte er effektfullt å leggje til eit adverb for å forsterke effekten.

Det er forskjell på å skrive "Anton gjekk inn på festen" og "Anton strente sjølvsikkert inn på festen". Her er adverbet "sjølvsikkert" lagt til for å vise korleis Anton går.

Metode 1: Bruk ei synonymordbok. Du kan bruke ein digital, eller låne på biblioteket.

Synonymordboka

Metode 2: Gå saman i par eller grupper og finn på flest moglege synonym til "å seie" som får fram dei ulike personlegdomane.

Anton:

"Sjølvsagt skal eg med på fest!", sa Anton. "Eg skal faktisk bli kongen av heile partyet", sa han. "Vi skal ha det så utruleg gøy, og eg skal vise dykk korleis ein verkeleg skal feste", sa han. Vidare sa han: "Og etterfesten blir sjølvsagt i gigakåken min".

Guffen:

"Eg trur eg blir heime", sa Guffen. "Eg liker best å vere i ro og fred på fredagskveldane", sa han. "Eg skal sjå på fredagsrekkja på NRK og ete potetgull", sa han. Vidare sa han: "Eg går nok til sengs i ti-tida."

Kva har du fått til?

Det du har gjort no, er å lage ei indirekte personskildring av Anton og Guffen. Dette viser kor viktig ordvalet i ein skjønnlitterær tekst er: I staden for å skrive "Anton er forsiktig og stille", kan du vise lesaren din dette ved å velje ord som viser dette utan å seie det rett ut.

På engelsk kallar vi dette "Show, don't tel". Det betyr at du ikkje skal fôre lesaren din med teskei om kva personar tenkjer og kva eigenskapar dei har. Dei beste skjønnlitterære tekstane er dei som overlèt noko til fantasien til den som les.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2019

Læringsressursar

Skriving i mediefag