Hopp til innhald

Fagstoff

Å starte arbeidet med ein brødtekst

Utgangspunktet for teksten du skal skrive, er den informasjonen du har fått frå ulike kjelder. Du har tatt skriftlege notat, gjort lydopptak av intervju og teke bilete. No har du mykje ny kunnskap lagra i hovudet, og det er på tide å gjere alt dette om til ein nyheitsartikkel.
Ei ung kvinne med langt hår og briller står framfor ein vegg som er dekt med aviser. Ho held eit nettbrett i den eine handa, og i den andre held ho ein stor penn. Ho held pennen mot haka og ser tankefull ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vinkling og spissing

Som journalist er det din jobb å vinkle saka slik at ho blir interessant, men også å spisse vinklinga. Dette er ein heilt sentral del av jobben fordi det handlar om å gjere ei sak spennande for lesarane. Og det klarer du ikkje utan ei tydeleg og spissa .

Sjå gjennom materialet ditt. Kva er mest spennande og interessant her? Er vinklinga du valde i planleggingsfasen, framleis relevant, eller skal du velje ei anna vinkling?

Uansett skal du på dette stadiet spisse vinklinga di. Det vil seie at du plukkar ut det aller, aller viktigaste og fokuserer berre på dette.

For å forstå betre kva dette dreier seg om, kan du sjå for deg at du tømmer ei colaflaske i ein kjele og set han på koking. Etter ei stund vil alt vatnet fordampe, og du sit att med ei svart sukkergugge, slik som i dette humorinnslaget på YouTube: What Will Happen If You Boil Coke? Å spisse vinklinga er som å koke vatnet ut av colaen. Du fjernar alt som er mogleg å fjerne, og sit att med essensen.

I arbeidet med vinkling og spissing fjernar du alt som er overflødig og uinteressant, til du sit att med det heilt konkrete saka handlar om, bygd med sitat og fakta.

I arbeidsprosessen kan du gjerne stille deg sjølv desse spørsmåla fleire gonger:

  • Kva er det saka eigentleg handlar om?
  • Kva er det som eigentleg er det mest interessante med denne saka?

Å starte arbeidet med ein brødtekst

Om vi tenkjer at tittel og ingress er ei slags eske, kan vi tenkje at brødteksten er innhaldet. Eska skal seie noko om innhaldet, men også vere pent designa og lokke folk til seg. Trass i dette er det likevel innhaldet i eska som er det viktigaste.

Det første avsnittet i brødteksten kan du derfor tenkje på som ei forlenging av, eller ein kommentar til, ingressen – som om du tilfører ingressen noko ekstra, noko meir innhaldsrikt.

Begynne med sitat

Det er mange gode grunnar til å begynne brødteksten med eit sitat. Det skaper variasjon i artikkelen din, du får introdusert kjeldene dine tidleg, og du får fram meiningane til kjeldene med deira eigne ord.

I NRK-saka – Det er ganske brutal vold (2017) er dette gjort slik:

– Alle skal være alfahann. Alle vil være den største og skumleste. Den som har mest respekt, forteller en 16-åring til NRK.

Her ser vi at brødteksten byggjer vidare på tittelen og ingressen og gir oss litt meir informasjon enn det vi har fått så langt. Vi får også ei ny kjelde – ein 16-åring.

Grunnen til at det blir brukt ein 16-åring så tidleg i teksten, og ikkje ein ekspert, er at det er vanleg i journalistikken å trekkje fram personar som har personlege opplevingar med det saka handlar om. Dette er gjort for å gjere stoffet lettare tilgjengeleg for lesarane ved å ha med nokon lesarane kan identifisere seg med – eit «vanleg» menneske.

Så dersom du har ei kjelde som har opplevd noko som er relevant for saka, kan brødteksten godt starte med sitat frå denne kjelda. Men pass på to ting:

  1. Kom med noko nytt, ikkje berre gjenta det tittelen og ingressen allereie har fortalt.
  2. Hald deg strengt til den spissa vinklinga.

Vil dette seie at du alltid skal starte brødteksten med eit sitat? Slettes ikkje.

Begynne med fakta

I saker som er litt kompliserte, og som det trengst mykje faktakunnskap for å forstå, passar det betre at brødteksten fokuserer på å fortelje fakta, heller enn at ein begynner med eit sitat.

Eit eksempel på dette finn vi i denne artikkelen frå NRK (2017): Cicero: Regjeringen driver med tallmagi

Her ser vi at brødteksten fokuserer på å gi att fakta, ikkje på å få fram erfaringar eller meiningar i form av sitat:

Meldingen klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) la frem i dag gjelder tiltak i den sektoren som ikke er kvotepliktig: transport, landbruk, avfall, bygg. Han sier at Norge må kutte 30 millioner tonn innen 2030. To tredeler av dette skal tas i Norge, sier han.

Dette kan kanskje verke litt tørt, men vi må hugse at journalistikk ikkje først og fremst skal vere underhaldande, og at dei litt tunge sakene er like viktige som dei litt lettare sakene. I tunge saker må du likevel tenkje på å gjere faktaa lette å lese.

Viktige omgrep

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2017

Læringsressursar

Skriving i mediefag