Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv ei nyheitssak om konsekvensar av koronaviruset

Du jobbar som journalist i skuleavisa og har fått i oppdrag å skrive ei nettsak der du tek for deg temaet "konsekvensar av korona-viruset".


Koronahelsing: Ungdom helser på kvarandre med olbogen. Foto.

Journalistisk arbeidsoppdrag

Du har fått i oppdrag å skrive ei nyheitssak der du tek for deg temaet "konsekvensar av korona-viruset". Nyheitssaka skal publiserast på nettsida til skuleavisa.

Du vel sjølv vinkling på saka. Nyheitssaka skal ha tittel, ingress, brødtekst og bilete med bilettekst. Du må intervjue minst to intervju-objekt til denne saka.

Framgangsmåte

1) Førebuing

  • Gjer research. Gå inn på ulike nettaviser, og oppdater deg på siste nytt om temaet. Studer sakene: Korleis blir dei presenterte? Sjå på tittel, ingress, oppbygging av tekst og bruk av bilete.
  • Set deg inn i fagstoffet. Les om den journalistiske arbeidsprosessen.
  • Her kan du få tips til korleis du kan skrive nyheitssaker, titlar og ingressar.

2) Gjennomføring

  • Vel vinkling på nettsaka di.

  • Døme på innfallsvinklar: Kva konsekvensar har koronaviruset fått for ungdom? Her kan du til dømes gå inn på konsekvensane for undervisning, idrett og trening, kulturtilbod eller russ 2021.

  • Gjer avtale med intervju-objekta.
  • Førebu opne og relevante intervjuspørsmål.
  • Gjennomfør intervjua, og ta bilete.
  • Skriv ut nyheitssaka. Bruk skrivemodellen den omvende pyramiden.
  • Varier mellom direkte og indirekte tale. Hugs at tittel, ingress og bilete skal skape interesse og fortelje kva saka handlar om.

  • Vinklinga skal gå som ein raud tråd gjennom saka.

3) Kvalitetssjekk

Jobb saman med ein medelev. Du les nyheitssaka til medeleven din, og omvendt. Deretter gir de kvarandre konstruktive tilbakemeldingar. Bruk desse punkta som hjelp:

  • Skaper tittel og ingress interesse, og stemmer tittel og ingress med vinklinga på saka?

  • Fungerer bilete og bilettekst godt saman med tittel og ingress?

  • Går vinklinga som ein raud tråd gjennom teksten, eller finst det sidespor som ikkje er relevante for vinklinga?

  • Er skrivemodellen "den omvende pyramiden" tydeleg?

  • Varierer teksten mellom direkte og indirekte tale, og er det god flyt i språket?

  • Belyser intervju-objekta saka på ein god måte?

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Skriving i mediefag