Lag titlar! - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Lag titlar!

Tittelen (overskrifta) er blikkfanget i ei sak. Han skal kort fortelje kva teksten handlar om. Saman med biletet skal tittelen fange interessa hos lesaren. I denne oppgåva skal du øve deg på å skrive gode titlar.

Oppgåve 1: Å skrive titlar til bilete

  • Lag ein tittel til kvart av bileta nedanfor.
  • Hugs at tittelen skal vere kortfatta og fange merksemda til lesaren, og han skal helst ikkje vere på meir enn fem ord.
  • Når de er ferdige, tar de ein felles gjennomgang i klassen og samanliknar forslaga.

Oppgåve 2: Å skrive titlar til nettsaker

  • Finn tre korte saker i nettavisene.
  • Kopier dei og lim dei i eit dokument som du deler med eleven ved sida av deg. NB: Ta bort titlane.
  • Sidemannen skriv forslag til titlar.

Relatert innhald

Fagstoff
Gode overskrifter

Ei god overskrift fangar blikket og kan ha avgjerande betydning for om du når fram til målgruppa di eller ikkje.

Skrive av Thomas Nupen, Maren Aftret-Sandal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2020