Hopp til innhald

Fagstoff

Å starte arbeidet med ein brødtekst

Du sit no med ein heil del materiale. Noko er skrive ned på eit ark eller på mobilen din. Noko er kanskje lydfiler. Du har bilete. Og du har mykje ny kunnskap lagra i hovudet ditt. Det er på tide å gjere alt dette om til ein nyheitsartikkel.
Ung mann jobber i kontorlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vinkling og spissing

Sjå gjennom materialet ditt. Kva er mest spennande og interessante her? Er vinklinga du valde i planleggingsfasen, framleis relevant, eller skal du velje ei anna vinkling?

Uansett skal du på dette stadiet spisse vinklinga di. Det vil seie at du plukkar ut det aller, aller viktigaste og fokuserer berre på dette.

For å forstå betre kva dette dreier seg om, kan du sjå for deg at du tømmer ei colaflaske i ein kjele og set han på koking. Etter ei stund vil alt vatnet fordampe, og du sit att med ei svart sukkergugge, slik som i dette humorinnslaget på YouTube: What Will Happen If You Boil Coke? Å spisse vinklinga er som å koke vatnet ut av cola-en. Du fjernar alt som det er mogleg å fjerne og sit att med essensen.

I arbeidet ditt med vinkling og spissing fjernar du alt det som er overflødig og uinteressant, til du sit att med det heilt konkrete saka handlar om, bygd med sitat og fakta.

I arbeidsprosessen kan du gjerne spørje deg sjølv fleire gonger:

  • Kva er det saka eigentleg handlar om?
  • Kva er det som eigentleg er det mest interessante med denne saka?

Som journalist er det din jobb å finne og spisse vinklinga. Dette er ein heilt sentral del av jobben fordi det handlar om å gjere ei sak interessant og spennande for lesarane. Og det klarer du ikkje utan ei tydeleg og spissa vinkling.

Å starte ein brødtekst

Om vi tenkjer at tittel og ingress er ei slags eske, kan vi tenkje at brødteksten er innhaldet. Eska skal seie noko om innhaldet, men også vere pent designa og lokke folk til seg. Trass i dette er det likevel innhaldet i eska som er det viktigaste.

Det første avsnittet i brødteksten kan du derfor tenkje på som ei forlenging av, eller ein kommentar til, ingressen – som om du tilfører ingressen noko ekstra, noko meir innhaldsrikt.

Begynne med sitat

Det er mange gode grunnar til å begynne brødteksten med eit sitat. Det skaper variasjon i artikkelen din, du får introdusert kjeldene dine tidleg, og du får fram kjeldene sine meiningar med kjeldene sine eigne ord.

I NRK-saka, – Det er ganske brutal vold, er dette gjort slik:

– Alle skal være alfahann. Alle vil være den største og skumleste. Den som har mest respekt, forteller en 16-åring til NRK.

Her ser vi at brødteksten byggjer vidare på tittelen og ingressen og gir oss litt meir informasjon enn det vi har fått så langt. Vi får også ei ny kjelde – ein 16-åring.

Grunnen til at det blir brukt ein 16-åring så tidleg i teksten, og ikkje ein ekspert, er at det er vanleg i journalistikken å trekkje fram personar som har personleg oppleving med det saka handlar om. Dette er gjort for å gjere stoffet lettare tilgjengeleg for lesarane ved å ha noko ein kan identifisere seg med – eit «vanleg» menneske.

Så dersom du har ei kjelde som har opplevd noko som er relevant for saka, kan brødteksten godt starte med sitat frå denne kjelda. Men pass på to ting:

  1. At du kjem med noko nytt og ikkje berre gjentek det tittelen og ingressen allereie har fortalt.
  2. At du held deg strengt til den spissa vinklinga.

Vil dette seie at du alltid skal starte brødteksten med eit sitat? Slettes ikkje.

Begynne med fakta

I saker som er litt kompliserte, og der det er mykje faktakunnskap som trengst for å forstå saka, passar det betre at brødteksten fokuserer på å fortelje fakta, heller enn at ein begynner med eit sitat.

Eit eksempel på dette finn vi i denne artikkelen frå NRK: Cicero: Regjeringen driver med tallmagi

Her ser vi at brødteksten fokuserer på å gi att fakta, ikkje på å få fram erfaringar eller meiningar i form av sitat:

Meldingen klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) la frem i dag gjelder tiltak i den sektoren som ikke er kvotepliktig: transport, landbruk, avfall, bygg. Han sier at Norge må kutte 30 millioner tonn innen 2030. To tredeler av dette skal tas i Norge, sier han.

Dette kan kanskje opplevast som litt tørt, men vi må hugse at journalistikk ikkje først og fremst skal vere underhaldande, og at dei litt tunge sakene er like viktige som dei litt lettare sakene. Å gjere faktaa lette å lese er likevel noko du må tenkje på i slike saker.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2017

Læringsressursar

Skriving i mediefag