Hopp til innhald

Fagstoff

Nyheitskriterium

Nyheitskriteria seier noko om kva for nyheitsverdi ei hending har. Dess fleire nyheitskriterium ei hending dekkjer, jo meir sannsynleg er det at ho blir ei nyheit.


Sjå mediedokumentar på Youtube laga av Sara Skaar Næss, MIK-elev ved Kongsberg vidaregåande skule.

Kva er ei nyheit?

Ei nyheit er noko som nettopp har skjedd, eller noko vi nettopp har fått vite om. I avisredaksjonane fløymer det kvar dag over med informasjon om ulike hendingar. Det er desken sin jobb å velje ut kva avisa skal presentere som nyheiter på nett og papir. I dette arbeidet legg dei vekt på fleire nyheitskriterium.

Aktuell

Ei nyheit må vere aktuell. Ei hending kan godt vere mange tusen år gamal, men dersom ho skal presenterast som ei nyheit, må ingen ha høyrt om ho før. Det kan ta opptil eitt døger før papiravisa er heime i postkassa til abonnentane. Difor har papiravisene i dag ei ekstra utfordring når det gjeld å presentere aktuelle nyheiter.

Vesentleg

Ei nyheit må vere vesentleg og ha informasjonsverdi. 22. juli 2011 sat alle i Noreg klistra framføre PC-en eller fjernsynsskjermen for å få med seg siste nytt. Informasjon som er viktig for liv og helse, er vesentleg for alle norske borgarar. Men elles er det slik at det som er vesentleg for ein person, ikkje alltid er vesentleg for alle andre.

Synet på kva som er viktig, blir påverka av samfunnsendringar eller motebølgjer. Nyheiter er difor ein god målestokk på kva som blir sett på som viktig i samfunnet. I kommunikasjonsteorien blir dette kalla statusoverføringsfunksjonen – massemedia gir status til det eller dei som får merksemd. Dersom du verkeleg er noko, vil du få merksemd i media, og dersom du får merksemd, da må du verkeleg vere noko.

Nær

Mottakarane må oppleve nyheita som nær. Vi les gjerne ei halv side om ein ulv som er blitt observert i nabolaget, men hoppar over ein artikkel om lagnaden til isbjørnen i polarhavet. Psykisk nærleik er vel så viktig som geografisk nærleik. Det som rører oss kjenslemessig, er ei god nyheit.

Identifisering og personifisering

Det er berre ein ting som interesserer alle menneske, og det er mennesket sjølv. Ei ulukke, ei naturkatastrofe eller ein krig blir ei betre historie dersom vi får møte eit av offera. Journalistar er difor ofte opptekne av å finne eit ”case” – et andlet som kan fronte historia.

Sensasjonell

Sensasjonar handlar om det merkverdige, det kuriøse, eller det vi aldri hadde venta skulle skje. Det klassiske eksempelet i journalistikken er at nyheita ”Hund bit mann” har låg nyheitsverdi, medan derimot overskrifta "Mann bit hund” får oss til å sperre augo opp.

Tydelege konfliktar

Konfliktar skaper merksemd og interesse. Tydelege konfliktar er viktige i all mediedramaturgi, også i nyheitstekstar. Journalistar er difor alltid på leiting etter motsetningar og klare frontar når dei vel kjeldene sine. Nokre hevdar at konfliktstoff på denne måten trenger bort alle ”gladsakene” frå avisspaltene.

Elite

Personar er lettare å få auge på enn strukturar og prosessar. Ekspertkjelder gir tyngde til nyheitsforteljinga. Difor vel journalistar ofte å intervjue leiarar og politikarar. Media prioriterer også ofte stoff som vedkjem supermakter, som for eksempel USA. Det er kanskje ikkje så rart, når vi veit at vi får det meste av nyheitsstoffet frå amerikanske telegrambyrå. Stoff frå den tredje verda blir sjeldan prioritert.

Nyheitsterskel

Sjølv om ei nyheit tilfredsstiller alle desse nyheitskriteria, er det ikkje sikkert at ho kjem på trykk i avisa. Den dagen prinsesse Diana døde, blei alle andre nyheitssaker sletta frå avisene sine framsider. Men i ”agurktida” i fellesferien opplever vi ofte oppslag om hendingar som normalt elles ikkje ville fått plass, fordi redaksjonen treng stoff. Dei som ønskjer å få ut ei pressemelding i nettavisene har for lengst oppdaga at søndag morgon er ein dag då journalistar lett tyr til informasjon som er tilgjengeleg der og då.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018

Læringsressursar

Skriving i mediefag