Hopp til innhald

Fagstoff

Å gjere ferdig brødteksten

I tittel og ingress har du fortalt kva saka handlar om, og du har gitt lesarane meir informasjon i starten av brødteksten. No er det tid for detaljar, utdjupingar, presiseringar og fakta.
Ein ung mann jobbar i eit kontorlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ikkje for mykje og ikkje for lite

Når du har laga ei god innleiing, dreier det vidare arbeidet med brødteksten seg om å finne ein god balanse i innhaldet. På den eine sida må det vere nok informasjon til at teksten verkar grundig og interessant for lesaren. På den andre sida må det ikkje bli for mykje stoff av liten relevans.

Dersom du har noko informasjon du tenkjer er viktig, men som ikkje passar heilt til den spissa vinklinga, skal dette kome heilt på slutten av brødteksten. Alt som kan oppfattast som overflødig i saka, kuttar du ut.

Tre element i teksten

For å seie det enkelt har vi tre element å jobbe med:

  • fakta
  • direkte sitat
  • indirekte sitat

Du bør prøve å veksle mellom desse tre gjennom heile teksten din.

Ein ung mann med kaps og ein tent sigarett sit i førarsetet på ein bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Studer eit eksempel

Undersøk denne nyheitsartikkelen frå 2021 på nrk.no:

Rånere over hele Norge fortviler: – Gi oss en plass å være!

Lag ei oversikt over vekslinga mellom fakta, indirekte sitat og direkte sitat. Korleis er mønsteret?

Veksling mellom dei tre elementa

Direkte sitat: «– Bussen er alltid forseinka på denne ruta, noko som gjer at vi er mange som kjem for seint til skule og jobb, seier Gunnar Gundersen, som tek bussen til jobb kvar dag.»

Indirekte sitat: «Han fortel at berre denne veka har bussen vore forseinka fire dagar på rad.»

Fakta: «Ifølgje tal frå Trafikk1 er dette ei av dei mest brukte bussrutene i bygda.»

Oppgi kven kjelda er

Merk at første gongen kjelda blir nemnd, skriv ein alltid noko om kven kjelda er. Merk også at vi ikkje treng å bruke heile namnet om att, viss det allereie er nemnd. Det held med «han/ho» eller etternamnet.

Du bør også leggje merke til at det i faktasetningar er opplyst kvar faktaa er henta frå. I dette dømet er dei henta frå Trafikk1.

Dei ulike elementa kommenterer og utfyller kvarandre. Det direkte sitatet blir følgt opp av eit indirekte sitat som gir oss meir informasjon om kva kjelda meiner, før faktaa blir trekte inn og gir oss eit meir heilskapleg bilete.

Meiningar og konfliktar

Punkt 4.15 i Ver Varsam-plakaten seier at den som blir angripen, har rett til tilsvar. Eit naturleg framhald i denne teksten vil vere å få inn sitat frå nokon som jobbar i Trafikk1. Det er dei som blir kritiserte.

Då kan vi fortsetje teksten slik:

Indirekte sitat: «Jan Jansen i Trafikk1 kjenner seg ikkje att i kritikken.»

Direkte sitat: «– Våre bussar kjem i 90 prosent av tilfella til rett tid. Nokre små forseinkingar må ein rekne med tidleg om morgonen når mange skal på jobb, seier Jansen.»

Påstandar driv teksten framover

Det er viktig at du bruker dei tre elementa til å drive teksten framover. Ein påstand treng fakta, fakta treng ei utdjuping, og ei meining må balanserast mot ei anna meining.

Om du vil prøve deg på litt avansert skriving, kan du leggje opp teksten som ein slags diskusjon mellom to ulike partar, der du fleire gonger vekslar mellom dei to, eller fleire, som er ueinige om noko.

I dømet over kunne vi ha late Gundersen sleppe til endå ein gong med ein kommentar til det Jansen seier, slik at artikkelen vår blir ein diskusjon mellom Jensen og Gundersen, krydra med fakta frå vår side.

Dette er ein fin måte å skape temperatur på i artikkelen, men det er også ein litt vanskeleg måte å skrive på, fordi du må ha stålkontroll på kven som seier kva, og du må presentere det for lesarane på ein oversiktleg måte.

Fakta og stadfestingar

Vi har no sett på korleis du får fram ueinigheit i ei sak. Dersom du derimot skal få fram einigheit, for eksempel mellom ei kjelde og fakta, bør du bruke andre formuleringar.

For eksempel: «Dette stadfestar Anne Andersen, professor ved Universitet i Oslo.»

Bruk gjerne lokale ekspertar viss dei finst.

Eller: «Tala frå …-undersøkinga stadfestar mistankane til professoren.»

Personar som har erfaring med det saka handlar om, kan også trekkjast inn på same måten: «Kristin Kristensen er ei av dei som slit med dette. Ho seier …»

Eller: «Tala viser at Kristin Kristensen ikkje er åleine om problema sine.»

I ei snakkeboble står det ei kvinne og lyser med ei lommelykt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sanning, sanning, sanning

Som journalist har ein fridom til å presentere både fakta og sitat i den rekkjefølgja ein vil. Ein har også fridom til å endre på korleis intervjuobjekta snakkar, slik at det munnlege språket frå intervjua blir meir skriftleg i forma.

Men ikkje misbruk denne fridommen!

Når du bruker sitat frå intervju, skal du få fram meininga til den du har intervjua, slik vedkomande har meint det. Du kan endre på korleis dei seier ting, slik at det passar betre inn i teksten din, men du skal aldri endre på innhaldet i det dei seier!

Ein god journalist søkjer sanninga

Alt du skriv som nyheitsjournalist, må vere sant. Alltid. Ikkje noko unntak. Lyg du, øydelegg du ikkje berre for deg sjølv og lesaren – du er også med på å undergrave tilliten til journalistikken som heilskap.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2018

Læringsressursar

Skriving i mediefag