Hopp til innhald

Fagstoff

Set saman portrettintervjuet

Set saman materialet til eit portrettintervju på ei nettside, og gjer det publiseringsklart.
Ein ung mann og ei ung dame sit ved eit bord med ein oppslått laptop, bøker og skrivesaker og arbeider i lag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegg oppsettet

Skaff ei oversikt over kva slags materiale og medietypar du har tilgjengeleg. Set deg inn i publiseringsverktøyet du har og kva moglegheiter som finst der. Enkelte sider har eit fast oppsett med få moglegheiter, og dei låser tekst og bilete på faste stader. Andre nettstader gir deg fleire valmoglegheiter i utforminga. I digitale portrett er det ofte brukt heildekkjande bilete med sitat eller titlar som rullar over sida når ein blar.

Ta omsyn til kva moglegheiter som finst på nettsida, kva slags stil og tema som passar til portrettintervjuet, og kven som er målgruppa.

Planlegg korleis tekst, bilete og eventuelle andre medietypar som video eller lydopptak skal setjast saman. Kva er anslaget?

Lag ei skisse av oppsettet før du set det saman, og prøv fleire oppsett.

Døme på portrettintervju som er publiserte på nett

Isak Dreyer, nrk.no: En hardbarka jævel

Carl Martin Eggesbø, Underdusken.no: Fra Skam-Eskild til trøndersk Romeo

Camilla Stoltenberg, Elle.no: Direktøren for Folkehelseinstituttet om 2020, prestasjonsangst, arbeidspresset og hvordan hun kobler av

Aktuelle sider å publisere frå

Det finst fleire nettsider der du kan opprette og publisere eit digitalt portrettintervju. Det er viktig at den du intervjuar og tek bilete av, samtykkjer til publisering på nett. Du må òg ha rettar til materialet.

Fleire nettsider gir deg moglegheit til å avgrense andre sin tilgang til sida, til dømes ved å passordbeskytte ho.

Nokre aktuelle nettstader du kan publisere frå:


Dei to siste nettstadene har NDLA laga introduksjonsressursar til:

Tekst i eit digitalt portrettintervju

Lag tittel til portrettet, og lag ingress eller korte stikktitlar dersom du ønskjer å starte med skrolling av bilete og korte titlar. Del opp teksten med mellomtitlar.

Varier teksten. Få inn skildringar og sitat, og du kan òg leggje inn korte passasjar med intervju. Om det er nokre saftige sitat, kan du utheve dei med større skrift eller leggje inn ein liten tekstboks som rullar over eit bilete.

Legg inn hyperlenkjer i teksten viss det er relevant for temaet. Du kan òg lenkje til tidlegare intervju eller andre medieoppslag om personen.

Fakta om personen kan liggje i ein eigen faktaboks, som alder, bustad, namn og kvifor personen er aktuell.


Bilete, video og andre medietypar

Varier bileta og vis kven personen er. Målet er at portrettbiletet skal knytast til det som kjem fram i intervjuet; det skal fortelje noko om personlegdommen til intervjuobjektet ditt.

Du kan leggje inn eit vanleg, fast bilete eller bilete som skrollar, eitt og eitt eller i serie. Du kan òg leggje inn biletseriar.

Undersøk om du òg kan få bruke eit par bilete av intervjuobjektet frå barndommen og frå viktige hendingar for å vise fleire sider av personen. Dette kan gjere at lesaren blir betre kjend med portrettobjektet.

Legg inn lisensar på bilete og anna materiale, og krediter opphavspersonane. Skriv ein bilettekst som knyter biletet til saka. Biletteksten skal plasserast under biletet.

Om du skal ha inn video eller lydklipp, må du passe på å plassere dei på ein naturleg stad og at dei passar godt saman med resten. I nokre tilfelle kan lydar/video passe inn saman med temaet i eit bestemt avsnitt. Andre gonger kan det forstyrre, og då kan det vere betre å leggje det for seg sjølv eller til slutt. Bygg inn video på nettsida heller enn å leggje ved lenkjer. Lag ein visuell heilskap.

Kvalitetssjekk

Jobb saman med ein medelev. Du les portrettintervjuet ditt for medeleven, og omvendt. Deretter gir de kvarandre konstruktive tilbakemeldingar. Bruk desse punkta som hjelp:

  1. Korleis opplever de anslaget? Passar tittel, ingress og bilete til saka?

  2. Korleis er portrettet sett saman? Passar titlar, tekst, bilete og eventuelle medietypar saman?

  3. Fungerer bilete og bilettekst godt saman med tittel og ingress?

  4. Varierer teksten mellom direkte og indirekte tale, og er det god flyt i språket?

  5. Korleis opplever de navigasjonen?

  6. Kva er bra med portrettet, og kva kunne vore gjort annleis?

La intervjuobjekt ta sitatsjekk

Gjer eventuelle endringar i medieproduktet etter at medeleven din har gitt tilbakemeldingar. Send så lenkja med portrettintervjuet til intervjuobjektet for ein sitatsjekk. Det er viktig at intervjuobjektet får høve til å lese gjennom portrettintervjuet før du leverer det frå deg.

Send til redaktøren/læraren

Når du har laga ferdig portrettet, fått innspel og gjort sitatsjekk, nærmar nettportrettet seg å vere publiseringsklart. Til slutt kan redaktøren eller læraren kvalitetssikre medieproduktet før det endeleg blir publisert.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2021

Læringsressursar

Skriving i mediefag